Hopp til innhold

Brasiliansk legende i tårer etter spørsmål: – Ingen som trudde dette var mogleg

Den brasilianske legenda Marta (37) har vore med på det meste. På pressekonferansen før det som kan bli hennar siste VM-kamp, tok kjenslene overhand.

Marta

PREGA: Marta tørka fleire tårer under tysdagens pressekonferanse.

Foto: Fifa

– Då eg byrja å spele hadde eg ingen idol. Ingen kvinnelege førebilete. Korleis kunne eg sjå meg sjølv der når dei ikkje eingong viste kvinnefotball på TV?

Det sa den brasilianske legenda Marta på ein pressekonferanse før Brasil sin avgjerande gruppespelkamp mot Jamaica. 37-åringen frå den vesle tettstaden Dois Riachos, nordaust i Brasil, spelar sitt aller siste verdsmeisterskap og drøymer om sin fyrste VM-tittel.

På pressekonferansen blei ho spurd om kva ho trur ettermælet hennar blir no når ei lang og innhaldsrik karriere nærmar seg slutten. Då tok den brasilianske stjerna til tårene.

– For 20 år sidan, i 2003, var det ingen som trudde at dette var mogleg, seier ho, tydeleg prega.

WWCup France Brasil Soccer

LEGENDE: Marta etter kampen mellom Frankrike og Brasil tidlegare i meisterskapen. Den kampen enda med 2-1-seier til Frankrike.

Foto: Aisha Schulz / AP

– Ho tetta gapet

Marta debuterte på seniornivå for brasilianske Vasco da Gama i 2000, og sidan gjennombrotet har ho vore med på mykje. Ho er Brasil-spelaren med flest landskampar (174) og flest landslagsmål (115), langt framfor stjernene på herresida.

Den gamle høgrebacken Cafu fekk 142 kampar for herrelandslaget. Neymar og Pelé deler førsteplassen for flest skåringar: Begge har 77.

– No blir eg stoppa på gata. Foreldre seier til meg at «dottera mi beundrar deg og vil bli akkurat som deg». Det seier seg sjølv at eg er glad for alt dette, seier ho.

Solveig Gulbrandsen

EKSPERT: Solveig Gulbrandsen.

Foto: Berit Roald / NTB

Solveig Gulbrandsen er spelaren med nest flest landskampar for eit norsk landslag. Den noverande TV 2-eksperten fekk 183 kampar med det norske flagget på brystet. Berre landslagstrenar Hege Riise har fleire (188).

Ho har både spelt med og mot Marta. Dei har møttest i landskampar, og var også lagvenninner i amerikanske FC Gold Pride i 2010.

og gir ho mykje av æra for at kvinnefotballen er der den er i dag.

– Vi blir alltid samanlikna med herrefotball, og ho utlikna det litt. Ho tetta gapet og la lista for kor god det faktisk er mogleg å bli og vere for jenter, seier ho, og legg til:

– Ho var ei av dei som gjekk føre som kvinneleg fotballspelar, som viste at jenter også beherskar fotball på både det tekniske og taktiske.

Marta Solveig Gulbrandsen

DUELL: Marta og Solveig Gulbrandsen, her frå ein landskamp under VM i 2003.

Foto: Erlend Aas / NTB

Marta blei i ei årrekke sett på som verdas beste kvinnelege fotballspelar. Kanskje ikkje så rart i og med at ho blei kåret til årets beste i verda seks gongar. I tillegg er ho den mestscorande spelaren i heile VM-historia.

Ho har scora 17 mål, eitt meir enn tyske Miroslav Klose, som har flest på herresida.

Dei mange bragdene og rekordane har gjort ho høgt elska i Brasil.

Lionel Messi, Marta

MARTA OG MESSI: Desse to stjernene blei kåra til årets beste spelar i verda i 2009. Her held dei to stjernene fram dei synlege bevisa på det.

Foto: Michael Probst / AP

Samanlikna med Pelé

Saman med stjerner som Bebeto, Carlos Alberto og Ronaldo, var ho ambassadør for herranes VM i Brasil i 2014, og to år seinare var ho flaggberar under OL i Rio de Janeiro. I heimlandet blir ho samanlikna med Pelé, legenda som blir sett på som Brasils beste nokosinne.

Pelé har dessutan, ifølge CNN, sagt seg einig i samanlikninga.

-

BRASILIANSKE HELTAR: Pelé og Marta avbilda under ei premieutdeling i 2008. I bakgrunnen til høgre står Cristiano Ronaldo.

Foto: JOE KLAMAR / AFP

Gulbrandsen er sjølv klar på at Marta var verdas beste i fleire år, og seier at ho blei overraska over kor god ho faktisk var.

– Da eg spelte med ho var det i ei periode der ho ikkje var heilt på topp. Det var ei periode ho sleit mykje med skader. Men ho var ekstremt uthalden, med ekstrem balanse, hurtigheit og koordinasjon. Om man kan seie at nokon fekk heile pakka, var det ho. I tillegg hadde ho ekstreme tekniske ferdigheiter og fotballforståing, seier Gulbrandsen.

No er ho veteranen i eit Brasil-lag som har ein draum om VM-gull. Deira beste resultat kom i 2007: Då blei dei nummer to etter å ha tapt finalen mot Tyskland.

Dette er Martas sjette – og siste – forsøk.

– Om Marta legg opp utan eit VM-gull er det ikkje hennar feil. Då er det Brasil som har svikta henne, er dommen frå Brasils president Luiz Inácio Lula da Silva.

Onsdag klokka 12.00 norsk tid kan Martas VM-skjebne bli besegla: Då startar skjebnekampen mot Jamaica. Kampen kan du sjå på TV 3.

Siste nytt

  • Hauger bommet på dekkstrategien – nummer seks i Ungarn Grand Prix

    Den norske Formel 2-føreren Dennis Hauger kjørte inn til 6.-plass under søndagens hovedløp i Ungarn Grand Prix.

    Italienske Andrea Kimi Antonelli vant løpet foran Victor Martins fra Frankrike og brasilianske Gabriel Bortoleto.

    På den sjuende runden kjørte Paul Aron inn i Zane Maloney og begge røyk ut av løpet. Dermed rykket Hauger, som lå som nummer seks, opp til en foreløpig 4.-plass.

    Etter krasjen måtte sikkerhetsbilen inn på banen og Hauger utnyttet muligheten til å bytte til harde dekk.

    Det skulle imidlertid ikke vise seg å være den beste taktikken.

    For noen runder senere gikk Amaury Cordeel i veggen og sikkerhetsbilen måtte ut på ny. Da gikk Antonelli inn og byttet til myke dekk. Det ga han mulighet til å kjøre seg rett opp fra 5-.plass til tet da løpet fortsatte.

    Senere forbipasserte også Richard Verschoor, som kjørte samme dekkstrategi som Antonelli. Aurskog-gutten måtte ta til takke med 6.-plassen.

    (NTB)

    _alyeMLFSaM
    Foto: NTB
  • Pogacar ikke fan av alternativ Tour-avslutning: – Foretrekker Champs-Élysées

    Tadej Pogacar er en av favorittene når Tour de France senere søndag avsluttes med en 33 kilometer kupert tempoetappe i Nice.

    Men selv om den etappen favoriserer ham langt mer enn spurten på Champs-Élysées i Paris, foretrekker sloveneren fortsatt den tradisjonelle avslutningen i den franske hovedstaden.

    – Det blir helt sikkert veldig annerledes, men jeg liker det ikke. Jeg starter ikke før klokken seks om kvelden, så det blir en lang dag, sa Pogacar.

    Arrangørene har benyttet anledningen til å bryte med den gamle tradisjonen fordi Paris og Champs-Élysées i år er okkupert av OL.

    Det er første gang på 35 år at Tour de France har en tempoetappe som avslutning. Da det sist skjedde, i 1989, utløste det en av de mest dramatiske avslutningene i Tour de France-historien, med Greg LeMond som vant rittet med åtte sekunder.

    Det er neppe noen sjanse for at noe slikt skjer på søndag. Pogacar starter med en ledelse på 5 minutter og 14 sekunder ned til Jonas Vingegaard på 2.-plass.

    – Jeg foretrekker Champs-Élysées. Men det er annerledes, og jeg gleder meg til å oppleve hvordan det fungerer som siste etappe, sa Pogacar.

    9-c4sfehGZY
    Foto: AP
  • Formel 3: Stenshorne nummer 14 i Ungarn

    Martinius Stenshorne klatret åtte plasser og endte på 14.-plass i Formel 3-løpet i Budapest, Ungarn.

    Bulgarske Nikola Tsolov vant løpet foran Laurens van Hoepen fra Nederland og mexicanske Noel Leon.

    Den norske unggutten fikk fredagens kvalifisering ødelagt av rødflagg. Nordmannen var på vei mot å sette en respektabel rundetid da Luke Browning snurret rundt foran han og det ble vinket med det røde flagget. Da var det bare 24 sekunder igjen på klokken, og Stenshorne endte med en tid som kun holdt til en 22.-plass.

    Nordmannen hadde dermed et nærmest håpløst utgangspunkt før både lørdagens sprint og søndagens hovedløp. Lørdag klatret Stenshorne opp til 13.-plass i sprintløpet, men kom ikke bedre enn 14.-plass i søndagens hovedløp.

    Stenshorne ender dermed helgen uten poeng. Neste helg får han imidlertid en ny mulighet til å forbedre posisjonen sin da F3-sirkuset reiser videre til Spa i Belgia.

    Stenshorne ble tidligere i år en del av McLarens juniorsatsing.

    (NTB)

    2Uc5Y1CAGFs
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal