Det er den svenske psykologen Per Sjöberg som skal trena spelarane mentalt ein til to gonger i veka, melder Brann.no. Kanskje er det han som skal snu motgangen til bergensklubben denne sesongen.
Etter 13 spelte kampar ligg raudtrøyene heilt sist på tabellen i eliteserien.
Men ifølge Brann-trenar Rikard Norling er ikkje Sjöberg henta inn som ein konsekvens av dei dårlege resultata.
– Ein må jobba like mykje med dei mentale prosessane i medgang som i motgang. Timinga er litt tilfeldig, seier Norling til klubben sine heimesider.
Skal jobba systematisk
Svensken har sidan i vinter ytra eit ønske om å utvida trenarteamet med ein mental trenar. No er han glad for å ha fått på plass Sjöberg i klubben.
– Han er ein dyktig person som skal jobba med den mentale utviklinga over tid.
Den svenske psykologen har budd i Bergen i ni år og har jobba med utøvarar i fleire idrettsgreiner, mellom anna klatring, langrenn, friidrett og svømming.
Gårsdagens trening var første gong spelarane fekk helse på den nye trenaren, som også har vore tilknytt Olympiatoppen på Vestlandet.