Med tre poeng til Brann og eitt til Rosenborg tidlegare i kveld skil berre to poeng topplaga før dei møtest på Brann Stadion i Bergen om ei veke.
– No blir det party-time i Bergen, sa Brann-trenar Lars Arne Nilsen til Eurosport rett etter kampslutt.
Han reknar likevel Rosenborg som favorittar. – Det er det same kva heile Norge seier. Vi er utfordrarar, sjølv om mange i Norge håpar vi skal ta dei. Det er også vårt største ønskje, seier Nilsen til NRK.
– Det skal bli ei artig veke, legg han til.
– Visste ikkje kva vi skulle gripe fatt i
– Vi var forferdeleg dårlege før pause. I garderoben visste vi ikkje heilt kva vi skulle ta tak i. Og så får vi i tillegg ein i trynet like etter pausen. Det var sterkt av oss å kome tilbake, sa Nilsen om kampen på Nadderud.
Stabæk-trenar Henning Berg var langt meir nedtrykt.
– Vi møtte eit bra lag, det er ikkje utan grunn at dei er i teten. Vi spela ein god førsteomgang. Prestasjonen er strålande før pause, og var ikkje deppa fordi vi ikkje hadde scora.
– Vi scora eit fint mål, men vi var ikkje gode nok til å forsvare oss. Brann har gode spelarar, og dei makta å utnytte det. Dei hadde også gode spelarar å setje inn. Men det er surt å tape ein slik kamp, sa Berg til Eurosport.
Berre Stabæk i første omgang
Men lenge såg det slett ikkje slik ut. I over ein omgang verka det som om det var Stabæk som skulle triumfere, og som skulle skaffe seg ein fordel i nedrykksstriden.
Stabæk kunne og burde ha drepe kampen før pause. I staden sleppte dei Brann inn igjen og tapte.
For Stabæk betyr det framleis plass under nedrykksstreken. For Brann betyr det fornya kontakt med Rosenborg framfor toppkampen i Bergen.
Straffebom
Dette var Stabæks kamp frå avspark. Etter berre fem minutt fekk dei straffe som Franck Boli bles langt over. Så knalla Tobias Børkeeiet ballen i tverrliggaren. Emil Bohinen trefte eit Brann-bein og ballen gjekk like utanfor. Brann-keeperen måtte ut i eit tigersprang for å slå ut John Hou Sæters kjempetreff. Det burde blitt mål av slikt.
Det blei det også, men ikkje før etter pause. Stabæks kontring enda hos Boli, som frå kort hald fekk revansje for straffebommen ein omgang tidlegare. Samstundes tok han leiinga på toppscorarlista åleine med sitt 15. mål for sesongen.
Fullt fortent leiing, og ei stakka stund var Stabæk forbi både nedrykks- og kvalikstrek.
Men berre i tre minutt. Brann gjekk i angrep, Daniel Braaten heada i tverrliggaren, returen gjekk via Henrik Kjelsrud Johansens lår og i mål.
Lår-scoring snudde kampen
Det blei vendepunktet. Brann greip langt betre tak i kampen og var laget som skapte dei store sjansane.
Kvarteret før full tid lurte Kristoffer Barmen heile Stabæk-forsvaret, la inn til Daouda Bamba som enkelt sette ballen i mål, berre tre minutt etter at han var bytta inn.
– Vi fekk vite i pausen at Rosenborg hadde tapt poeng. Det inspirerte oss, seier Kristoffer Barmen til Eurosport om Branns snuoperasjon i andre omgang.
Men då må Brann stille utan Fredrik Haugen. Han fekk det gule kortet som gjer at han må stå over.
– Det er slike kampar vi lever for og trenar for. Då er det bittert å ikkej få spele, seier Haugen.
Då hadde piffen gått ut av heimelaget. Dei blir under streken, iallfall til neste helg. For det skil berre fem poeng opp til Start på 11.-plass. Fire rundar står igjen.