Hopp til innhold

Brann sin «mirakelmann»: – Frustrert og lei meg

Alexander Straus førte Brann til to serietitlar på rappen. No peikar han på nokre av grunnane til dagens Brann-krise.

Alexander Straus

NY KVARDAG: Her er Alexander Straus i aksjon på sidelinja då Bayern München møtte Rosengard i meisterligaen før jul.

Foto: Reuters

– Eg synest det er tungt, viss eg skal vere heilt ærleg. Men dette er kjenslene mine, og dei er ikkje viktige, seier Straus til NRK.

Straus opplevde stor suksess då han tok over dåverande Sandviken hausten 2020. Den følgjande sesongen enda med klubben sin aller første serietittel.

I fjor, etter å ha vorte ein del av Brann, vart bragda kopiert. Straus vart henta av Bayern München etter å ha leidd Brann til 12 sigrar på dei første 14 kampane.

Brann 2022

TO PÅ RAD: Her blir Brann krona til seriemeister i 2022.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Det står i sterk kontrast til årets seriestart. Fire av dei fem siste kampane er tapte, og Brann ligg på 5.-plass – 18 poeng bak serieleiar Vålerenga.

Straus understrekar først at han ikkje er så stor tilhengjar av tidlegare trenarar som skal fortelje om alt som var så mykje betre før.

– Men eg følgjer jo så klart veldig godt med. Brann kvinner er jo hjartebarnet mitt, så eg er jo frustrert og lei meg saman med dei. Ikkje av dei. Eg lid med dei når dei har motgang, seier Straus.

Store endringar

Det var mange ekspertar som på førehand trudde at Brann ville merke tapet av nøkkelspelarar.

Likevel var det nok få som føresåg denne seriestarten.

Guro Bergsvand

BORTE: Landslagsstoppar Guro Bergsvand var blant spelarane som forlét Brann før denne sesongen.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Eg trur at det er veldig holistisk spørsmål. Eg trur ikkje det er nokon kvikkfiks på problemet, og eit problem som kan løysast ved å anten berre «gjere sånn eller sånn», seier Straus.

Han trekkjer fram at Brann hadde ein «ufatteleg» tøff vinter med ei stor skadebelasting på viktige spelarar. Samtidig er det vanskeleg å integrere så mange nye spelarar som Brann måtte gjere i år, påpeikar Straus.

– I tillegg til at nokre spelarar sjølvsagt forsvann etter fjorårssesongen. Det gjer at dei nye får ein vanskeleg fødsel på Brann-karrieren sin. Dei får ikkje oppleve å komme inn i eit velfungerande maskineri, slik som nye spelarar har gjort tidlegare, seier Straus.

– I media har dei nye spelarane fått litt kritikk, sidan dei har så mykje å leve opp til. Og det trur eg ikkje har vore lett for dei. Men sånn er det av og til i fotball, og eg trur at Brann alltid kjem til å komme tilbake igjen, seier Straus.

RBK - Brann

NY NEDTUR: Rosenborg slo Brann 4-1 i førre serierunde.

Foto: NTB

– Må stå i motvinden

Sjølv om Brann står midt i eit nytt trenarskifte, er ikkje Straus bekymra for klubben på lang sikt.

Han meiner klubben må bruke tid på å byggje seg opp igjen.

– Det er jo framleis ganske mange spelarar der som var med på suksessen vi hadde, og veit kva det innebar. No er det viktig at dei rettar seg i ryggen, hevar hovudet og står opp for laget. Dei må stå i den motvinden dei er i akkurat no, seier Straus.

Branns assistenttrenar Knut Slatleim har overteke hovudansvaret samtidig som jakta på ein ny hovudtrenar held fram.

Slatleim

OPTIMISTISK: Knut Slatleim.

Foto: NTB

Slatleim gir Straus mykje rett.

Det har vore ei stor gjennomstrøyming i spelargruppa. Det er gjerne prisen ein betaler viss ein gjer det bra i Toppserien. Då må ein ta seg tid til å byggje opp, både på og av banen, seier Slatleim til NRK.

– Korleis er gruppa no?

Vi er ein offensiv gjeng som jobbar hardt for å snu det. Laget har respondert bra dei siste vekene, sjølv om resultata ikkje har komme. Vi er sterke i trua på at viss vi held fram prestasjonane våre, vil resultata komme, seier Slatleim.

No ventar eit viktig lokaloppgjer mot Åsane måndag kveld.

Før møtet er det berre fire poeng som skil dei regjerande seriemeistrane frå dei nyopprykka.

– Eg er veldig audmjuk i forhold til at det er andre som har kontrollen no. Då eg var trenar, var laget bygd på eit fundament som var ganske sterkt med tanke på spelestil, kultur og identitet. Det håpar eg held fram og er noko dei har i grunnmuren sin. Det gav oss veldig tryggleik, seier Straus.

Siste nytt

  • Irland slo tittelforsvareren i rugby-VM

    Verdensener Irland slo verdensmester Sør-Afrika 13-8 i lørdagens storkamp i VM i rugby union.

    Mack Hansen ble første spiller som greide å score et try mot Sør-Afrika i turneringen.

    – Dette var som en Grand Slam på steroider. Det føltes som det var 800.000 mennesker på tribunene, sa Hansen til ITV etter kampen.

    Cheslin Kolbe svarte med et try for «Springboks» tidlig i 2. omgang. Sør-Afrika ledet store deler av kampen, men måtte betale for dårlige spark.

    Manie Libbok tar seg vanligvis av dem, men han har slitt med presisjonen i VM. Scrumhalf Faf de Klerk har overtatt noen av sparkene, men de to misset til sammen fire av fem spark i lørdagens kamp, og det kostet 11 poeng.

    Et spark fra Jonathan Sexton midtveis i 2. omgang sendte Irland foran for godt. Da Jack Crowley sparket en ny trepoenger tre minutter før slutt, trengte Sør-Afrika et try for å utligne og få sjansen til å sparke vinnerpoengene.

    Sør-Afrika kom ikke nærmere enn ti meter fra Irlands mållinje, og for første gang kunne irene juble for seier over Sør-Afrika i en VM-kamp. Irland har nå vunnet 16 landskamper på rad. (NTB)

    sbhrBcWqYlM
    Foto: AP
  • Ellevilt volleymål reddet Manchester United

    En perlescoring av Bruno Fernandes sikret seieren for Manchester United i en slitekamp mot Burnley lørdag kveld.

    Midtstopper Johnny Evans, som fikk tillit fra start, lempet ballen presist i bakrom, hvor purtugiseren feide ballen i lengste hjørne på hel volley.

    Burnley var langt ifra ufarlige på eget gress. De tvang André Onana ut i full strekk og hadde et skudd i stolpen, men det ble bare nesten for Vincent Kompanys menn.

    Sander Berge kom innpå for hjemmelaget, men også hans heading etter en corner, snek seg like over.

    Dette var en sårt etterlengtet seier for Erik ten Hag og Manchester United, som sto med to seire og tre tap på de fem første kampene i serien før i kveld.

    Med tre poeng klatret de til 8. plass på tabellen. Burnley er helt sist med ett poeng på fem kamper.

    i2JUrg8VMMg
    Foto: Reuters
  • Ellevill europeisk opphenting i Solheim Cup

    Europa har stått for en fantastisk opphenting i Solheim Cup i golf og sørget for at det står 8-8 før søndagens singlekamper.

    Lagkaptein Suzann Pettersen så amerikanerne vinne alle fire foursomekamper mot hennes lag fredag, men siden den fryktelige starten har «Tutta» kunne juble for åtte europeiske poeng av tolv mulige i parspillet.

    – Jeg har ikke ord for å beskrive hvor stolt jeg er av dem, men vi må ikke glemme at dette ikke er over. Det er 12 poeng å spille om i morgen, sa den norske lagkapteinen til Sky Sports.

    – Vi har stått for litt av et comeback, og nå er det uavgjort. Vi får bare legge inn femtegiret og fortsette. (NTB)

    7KBT5RKA0vo
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Insekts-«buzz» i Formel 1 00:46
Neste