NRK Meny
Normal

Brann gjekk mållause av Alfheim igjen

For fjerde kamp på rad måtte Brann gå mållause av kunstgraset på Alfheim, etter kveldens 1–0 tap mot Tromsø.

Mouusa

MATCHVINNAR: Tromsøs Sofien Moussa scora etter få minutt og vart matchvinnar.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det har no gått 377 minutt sidan Brann sist klarte å scora på Alfheim. Det skjedde heilt tilbake i 2010, då raudtrøyene vann 3–0 etter scoringar av Eirik Bakke, Diego Gustavino og Petter Vaagan Moen.

Brann har tapt dei fire siste bortekampane mot Tromsø, og står med ein målskilnad på 0–9 i Tromsøs favør.

– Det var viktige tre poeng og godt å halde nullen, seier Tromsø-trenar Bård Flovik.

Det avgjerande målet kom allereie etter sju minutt, då Sofien Moussa sneik seg inn bak ryggen til Brann-forsvarar (og tidlegare Tromsø-spelar) Ruben Kristiansen. Han fekk ein lang fot på ballen og sette inn 1–0 scoringa bak ein sjanselaus Piotr Leciejewski.

Moussa har no scora i tre strake heimekampar for Tromsø.

Tamt Brann-angrep

Nærast scoring for Brann kom etter at innbytar Azar Karadas vann ein duell i feltet, men Tromsøs-keeper, Gudmund Taksdal Kongshavn var på plass og fekk avverja.

– Eg såg tidleg at eg ikkje kunne nå den i feltet, så eg valde å stå på streken. Eg såg utgangen på den og følte eg hadde god kontroll, seier Tromsøs-keeper til NRK.

– Vi klarte ikkje å bryta gjennom dei og då vi kom under tidleg vart det vanskeleg. Vi skapte ingen sjansar før Azar Karadas kom innpå mot slutte, seier skuffa Brann-trenar, Lars Arne Nilsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Viviani med sin fjerde seier

    Elia Viviani tok sin fjerde etappeseier under Giro d'Italia onsdag. Han er dermed den første italieneren på fire år til å vinne fire etapper i én og samme utgave av Giro d'Italia.

    Alle sammenlagtfavorittene kom seg helskinnet til mål, og Simon Yates er fortsatt mannen som innehar den rosa ledertrøya etter den 17. etappen over 155 kilometer fra Riva del Garda til Iseo.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Storaksjon mot kampfiksing

    Midt i forberedelsene til mesterligafinalen i Kiev rystes ukrainsk fotball av det som kan være en stor kampfiksingsskandale. Topplagene Vorskla Poltava og Zorja Lugansk er på listen over i alt 35 klubber som politiet mener har vært involvert i kampfiksing.

  • Lovren klar for Ronaldo-test

    Dejan Lovren vet han har en tøff oppgave i vente mot Cristiano Ronaldo i mesterligafinalen: – Ronaldo har spilt denne typen kamper i 12-15 år. Han scorer over 30 mål hver sesong. Men vi møter verdens beste spisser i Premier League, så vi vet hvordan vi skal forsvare oss som lag.

    Dejan Lovren
    Foto: Glyn Kirk / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal