NRK Meny
Normal

Brandsdals hemmelege plan

TRYSIL (NRK): Eirik Brandsdal har slutta å løfte vekter for å bli best på meir enn sprint. – Eirik får til alt han prøvar på, meiner lagkompisen.

Eirik Brandsdal i Davos

HEMMELEG PLAN: Sprinter Eirik Brandsdal har lagt om treninga for å kunne kjempe i toppen også på lange distansar

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Nå er den jo ikkje så hemmeleg lenger da, nå som eg sitt her og drøymer meg bort.

Eirik Brandsdal flirer. Han har akkurat slite seg gjennom fire lange timar i eit regnfullt Trysilfjell. Nå sitt sprintaren som vann tre verdscuprenn og blei nummer to i sprintcupen i fjor og drøymer om lengre distansar.

Toppidrettsveka gav meirsmak

– Eg har veldig lyst til å hevde meg heilt der oppe på distanse også, seier Brandsdal bestemt.

Akkurat det er kanskje ikkje så rart når 28-åringen avslutta sesongen med å bli noregsmeister på femmil og slo reindyrka distanseløparar som Didrik Tønseth og Hans Christer Holund suverent.

Brandsdal vinn NM-gull på femmila

OVERRASKA: Under NM del 2 i Harstad overraska Eirik Brandsdal allroundgutta og tok NM-gullet på 50 kilometer klassisk over eit halvt minutt framfor Didrik Tønseth.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I august fylgde han opp i Toppidrettsveka då han spurta inn til andreplass berre ein tåspiss bak Calle Halfvarsson etter 15 kilometer fellesstart med skibytte. Bak han var eit kobbel av sterke distanseløparar, inkludert Petter Northug og Niklas Dyrhaug mellom anna.

Då avslørte Brandsdal sin "hemmelege" plan for NRK.

– Utruleg moro å vise at eg kan kjempe i toppen på ein 15 kilometer. Det har vore min litt hemmelege plan i sommar, sa Brandsdal da.

Og det er den gloheitte augustdagen i Knyken skisenter som har motivert Brandsdal på mange økter sidan.

– Det gav veldig meirsmak og motivasjon. Det er vanskeleg og sei kor rå den prestasjonen var, det var jo på rulleski. Men eg har veldig lyst til å prøve noko liknande til vinteren.

Eirik Brandsdal mener han er for tung til å hevde seg på anna enn sprint. Derfor har sprinteren kutta ut vekttrening for å oppfylle en hemmelig plan om også å bli best på lengre distanser.

– Må bli lettare

Ein lagkompis som alt har gjort det, er Anders Gløersen. I fjor vann han som alltid har vore rekna som ein spesialsprintar, sin fyrste verdscupsiger på 15 kilometer og ikkje minst: VM-bronse på den same distansen i Falun. Gløersen har god tru på Brandsdals nye plan.

– Eirik brukar å få til alt han prøvar på. Han kan absolutt ta store steg på lengre distansar. Det er ikkje sikkert han rotar seg heilt bort i samandraget på tourane heller, sjølv om han har ein liten veg å gå på ein 15 kilometer.

Under 15 kilometeren i Falun-VM stod det ein svært imponert og ikkje minst inspirert lagkompis på sidelinja og heia fram Gløersen til bronse.

– Det var så imponerande! Det freista veldig å gjere det same når eg i tillegg følte eg tok steg sjølv.

Så inspirert blei Brandsdal at han fann ut at han måtte endre treninga.

– Eg har vore litt for glad i å løfte vekter, det har eg nesten kutta ut nå for å bli lettare. I tillegg har eg køyrt lenger intervalldrag og meir samanhengande distanseøkter som liknar på skirenn. Ein må jo øve på det ein skal bli god på, smiler han.

Og god kan Eirik Brandsdal bli på så mangt til vinteren. Førre veke var han ifølgje Dagbladet suveren under sprintlandslagets testrenn i Holmenkollen.

Siste nytt

  • Liverpool og Roma risikerer straff

    Det europeiske fotballforbundet åpner sak mot både Liverpool og Roma etter tribunebråket i semifinalen i mesterligaen. Liverpool-fansen fyrte opp bluss og kastet gjenstander, mens Roma-fans angrep Liverpool-supporteren Sean Cox utenfor Anfield.

  • Northugs manager alvorlig skadd

    Are Sørum Langås, manager til Petter Northug, har tilbrakt ti dager på sykehus etter en alvorlig fallulykke, melder VG. Avisen skriver at ulykken skjedde da han skulle gjøre arbeid på sin nye hytte. Langås ble utskrevet fra sykehuset søndag. Han pådro seg flere brudd i begge armer, i ansiktet og hodeskallen.

    Are Sørum Langås
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
  • Yates beholdt ledertrøya

    Tom Dumoulin knappet innpå Simon Yates i Giro d'Italia, men briten beholder den rosa ledertrøya. Etter dagens tempoetappe er Yates 56 sekunder foran Dumoulin og 3:11 foran Domenico Pozzovivo i sammendraget. Rohan Dennis vant tempoetappen.

    CYCLING-ITA-GIRO
    Foto: LUK BENIES / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal