NRK Meny
Normal

Bortemarerittet fortsett for Molde - sluttspurten mot Sogndal kom for seint

Molde har ikkje vunne borte i eliteserien sidan april – i kveld fekk dei 4–3 i sekken borte mot Sogndal. Blåtrøyene kom med ein brutal sluttspurt, men det kom for seint.

Ramsland

LEKTE SEG: Sogndals Martin Ramsland (t.v.) var arkitekten bak to av Sogndals mål, her i duell med Moldes Harmeet Singh.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..
  • Saka oppdaterast.

Berre Lillestrøm og Tromsø hadde slept inn like mange mål på bortebane som Molde i årets sesong, før dagens kamp mot Sogndal. Der pynta moldensarane på statistikken og sørga for å ta førsteplassen aleine, med heile fire scoringar i mot på Fosshaugane.

Molde ligg med det på sjuandeplass på tabellen, fem poeng bak Strømsgodset på tredjeplass og berre tre poeng framfor kveldens motstandar Sogndal.

Ti brutale minutt for Molde

Heimelaget gjekk rett i leiinga etter tre minutt, etter at Hannu Patronen skalla inn 1–0 etter eit hjørnespark. Sogndal var det klart beste laget i opninga, men etter 20 minutt var laga like langt.

Solskjær

TANKEFULL: Ole Gunnar Solskjær såg lite nøgd ut med sitt lags innsats mot Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Joona Toivio fekk stjernetreff frå 30 meter og banka inn utlikninga på frispark, men så starta ti grusome minutt for gjestane.

Først banka Lars Christian Kjemhus balle i krysset frå 16-meter, før Ole Amund Sveen auka leiinga til 3–1 etter ein halvtime. Martin Ramsland var arkitekten bak begge scoringane.

3–1 stod seg til kvilen, men berre fem minutt etter pausen var Kjemhus frampå med si andre scoring for kvelden. Nok ein gong på eit langskot. 4–1.

Harmeet Singh varta opp med to kjappe scoringar på slutten, men det var ikkje nok til å sikra poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Ingebrigtsen med nytt EM-krav

    Filip Ingebrigtsen løp på 13.30,48 på 5000 meter under et stevne i belgiske Heusden lørdag kveld. 25-åringen kom rett fra fredagens stevne i Monaco, hvor han satte ny Norges rekord på 1500 meter. Lørdag klarte han også EM-kravet på 5000 meter.

    Filip Ingebrigtsen
    Foto: Jasper Jacobs / AFP
  • Koreas første fellesgull på 27 år

    Bordtennisduoen bestående av sørkoreanske Jang Woo-jin og nordkoreanske Cha Hyo Sim gikk helt til topps i en bordtennisturnering avholdt i Daejon. Ikke siden 1991 har et felles koreansk lag tatt gull i en idrett, også da i bordtennis. I april ble det holdt et toppmøte mellom landene hvor de lovet å øke sitt samarbeid innen sport.

    Foto: Hong Hae-in / AP
  • Sterk slutt sikret seier

    Spanske Omar Fraile sikret sin første etappeseier i Tour de France da han gikk til topps på den 14. etappen i årets utgave. På Belgias nasjonaldag så det lenge ut til at det skulle bli belgisk etappeseier, men Fraile ble for sterk opp monsterbakken.

    Tour de France
    Foto: Benoit Tessier / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Dirt Finale | Menn Motorcross Best Whip Finale | Menn Motocross Best Trick Finale | Menn Skateboard Big Air Finale