Nadal har vunne tre år på rad, men tennislegenda trur Federer tar han på søndag.
- Dei fleste seier ingen kan slå Nadal i morgon slik han har spelt. Men eg trur Roger har ein verkeleg god sjanse i morgon, seier vinnaren av seks French Open og fire Wimbledon titlar.
- Det er det beste eg har sett Roger spele dei siste tre åra. han har gjort nokre små grep i år. Han er meir tolmodig og på same tid meir agressiv enn før. Eg trur han er meir komfortabel og sjølvsikker. Så finalen i morgon blir svært interessant.
Nadal har sett uslåeleg ut, og har dominert turneringa totalt. Han har nådd finalen andre år på rad utan å misse eit sett. Men Borg trur dette vil snu mot Federer.
- For Roger er det ein stor match i morgon. Han har aldri vunne Paris og det er hans største mål. Om han vinn Paris er det ingen tvil om at han er den største tennisspelaren nokon sinne.