Jonas Hector blei kveldens tyske helt. Han var straffeskyttar nummer ni for Tyskland, som vann den ekstraordinært dramatiske straffekonken 6-5 til slutt.
– Vi var heldige. Dette var to lag på alle høgaste taktiske nivå, og dei mange straffebommane gjorde det heile endå meir dramatisk. Det var eit drama, sa Tysklands treenar Joachim Löw.
– Men vi var det beste laget i 120 minutt, la han til.
Og Tyskland slo Italia i meisterskap for første gong på ni forsøk.
– Heilt ekstraordinært. Det var ein veldig intens kamp, sikkert ikkje den beste å sjå på. Vi var heile tida redd for at ei einaste hending skulle snu kampen, og då kunne alt vere over, sa Mats Hummels.
Seks av dei ti første var bom
Det var ingen «høydare» av ein straffekonkurranse. Seks av dei ti første straffene var bom.
Etter at begge dei første hadde skote i straffekonkurransen, bomma både Thomas Müller og Simone Zaza.
Zaza var sett innpå i sluttsekunda av ekstraomgangane for å skyte straffe. Men det gjorde han svært dårleg. Han trippa seg gjennom tilløpet, og ballen gjekk høgt over og langt opp på tribunen.
Zaza fekk mykje tyn på twitter etterpå.
Leonardo Bonucci og Bastian Schweinsteiger bomma også.
Dermed måtte straffeskyttarane som var lengre nede på lista enn nummer fem måtte i elden.
Tyskland hadde berre bomma på to straffer i alle kampane dei har spele mot Italia opp gjennom historie. I kveld bomma dei med tre.
Neuer vann keeperduellen
Dei gjorde jobben sin, heilt fram til Neuer redda elegant forsøket frå Matteo Darmian. Og Neuer skulle vise seg å vinne keeperduellen med Gianluigi Buffon.
Og dermed kunne Hector bli dagens helt og ta imot jubelen frå lagkameratane og det talrike tyske publikum.
Men snakkisen blir kanskje dei mange missa straffene denne gongen. Ein mann som Mezut Özil missa sin fjerde straffer på dei fem siste han har treke for klubb og landslag. Og alle straffeskyttarane som spelar i engelske klubbar, bomma i straffekonken i Bordeaux i kveld.
Drama i tre akter
Før straffekonkurransen hadde publikum sett ein kamp i tre akter:
- Ein førsteomgang der det ikkje skjedde noko før i dei aller siste minutta.
- Ein andreomgang med til dels offensiv fotball, tysk dominans og leiing, og italiensk utlikning på ein heilt unødvneidg straffe.
- Og ekstraomgangar der spelarane var så slitne at dei knapt greidde å løfte beina mot slutten.
Då Tyskland leia og såg ut til å ha full kontroll, handsa Jerome Boateng nokså unødvendig og gav Italia straffe. Den banka Leonardo Bonucci i nettet, og Italia var med i kampen igjen.
Sjå straffen til Italia:
Mezut Özils scoring etter 65 minutt såg ut til å avgjere kampen. Tyskland var klart betre enn Italia på det tidspunkt, og Mario Gomez var svært nær ved å auke leiinga rett etterpå.
Özils leiarmål: