– Eg trur ikkje boksing blir fjerna frå OL i Tokyo. Det er ein stor sport internasjonalt, og det er også ein kommersielt interessant idrett, seier boksepresident Odd Haktor Slåke til NRK.
Men det er riset bak spegelen for IOC. Dei har sidan før OL i Rio i 2016 vore i konflikt med det internasjonale bokseforbundet AIBA, og la i februar fram ei liste med krav som AIBA må etterkome.
– Eg ser det ikkje som noko stort problem å få løyst dei krava som IOC stiller. Derfor trur eg heller ikkje IOC fjernar boksinga.
– Om det likevel skjer, kva konsekvensar kan det få for internasjonal og norsk boksing?
– Det betyr veldig mykje for internasjonal boksing. For norsk boksing betyr det mindre, fordi vi sjeldan har norske boksarar som kjem til OL. Men OL er ein motivasjonsfaktor. Vi vil nok leve greitt nok utan OL også, men det er jo det vi vil ha.
Har frose alt samband
IOC har frose alt samband med AIBA ut over det som er nødvendig i det som IOC ser på som ein oppryddingsaksjon. Dei har også avslutta all økonomisk støtte i AIBA. Det er i tillegg usemje både om antidopingarbeidet og om vektklassene i OL.
Og dei har kravd svar frå AIBA til møtet i dag. I svaret seier AIBA at dei no følgjer antidopingarbeidet til WADA.
– IOC er generelt misnøgd med måten AIBA har vore styrt på i den seinare tid. Dei har heller ikkje vore nøgde med han som er vald til mellombels president, seier Slåke.
– Der var det nokre dommarar som ikkje var heilt ærlege
Det er russiske Gafur Rakhimov som er president. Han overtok som leiar i januar i år, men er skulda av USAs finansdepartement for å ha samband med organisert kriminalitet. I februar sa IOC-president Thomas Bach at utnemninga av Rakhimov som AIBA-president er «eit alvorleg problem».
Skandalane i Rio-OL har også ført til eit nokså kjølig klima mellom AIBA og IOC.
– Der var det nokre dommarar som ikkje var heilt ærlege, og det var nokre avgjerder der som var i høgste grad tvilsame. Det er ikkje noko særleg bra for sporten å bli hefta ved, seier han. 30 dommarar blei skifta ut under OL.
– Kva med økonomien?
– Som ein konsekvens av dårleg økonomi og lån ein ikkje hadde oversikt over, måtte den førre presidenten trekkje seg.