Det var i den tiande runden at fjørvektaren Oscar Gonzales gjekk på eit knockout-tap mot Jesus Galicia laurdag kveld i Mexico. Gonzalez vart frakta til sjukehuset med kraftige blødingar i hjernen.
Måndag ettermiddag døydde boksaren av skadane. Han vart 23 år.
– Slike ting skjer
– Ingen ventar slike ting skal skje i ringen, men det gjer det, sa boksepromotor i Canelo, Jose «Chepo» Reynoso, til ESPN.
– Sjølv om me ikkje var der under kampen, veit me at Oscar fekk den beste behandlinga på sjukehuset både før og etter han døydde, legg Reynoso til.
Gonzalez var favoritt i oppgjeret mot landsmannen Galicia. Men kampen om den regionale tittelen i fjørvekt i regi av proffbokseforbundet WBC, fekk verst tenkjeleg utfall.
Kollapsa
Ein tøff kamp enda med knockout i den tiande runden. Dommar Rafael Saldana skilde partane frå kvarandre, men Gonzalez måtte ha hjelp frå dommaren for å halda seg på beina. Etter kort tid kollapsa boksaren med kallenamnet «Fantasma».
Medisinsk personell kom raskt til og boksaren vart flytta vekk frå ringen. 23-åringen låg 36 timar på intensivavdelinga ved Hospital Espanol i Mexico City – men livet stod ikkje til å redda. Han hadde kone, foreldre, brør og andre slektningar rundt seg.
Sidan boksekampen var om ein regional WBC-tittel, vil familien motta 50.000 dollar frå eit forsikringsselskap.