NRK Meny
Normal

Bøkko meiner at mindre trening har redda karrieren

Hege Bøkko har vore langt nede dei siste åra. Sviktande resultat har ført til mange tårer, og tanken om å legge opp har vore nær. No smiler ho endeleg igjen, takka vere færre treningstimar.

Hege Bøkko

SMILET ATTENDE: Etter fleire skuffande sesongar er smilet på plass igjen for Hege Bøkko.

Foto: BENDIKSBY, TERJE / NTB SCANPIX

I helga skal Hege Bøkko vere med å kjempe om best mulig plassering i VM sprint i Seoul. Tidlegare i år sa ho til NTB at tanken om å legge opp var nær. No ser ho lysare på ting.

– No har det vore nokre år med fleire tårer enn smil, men no smilar eg mykje igjen. Det er fleire konkurrentar og trenarar som kjem bort til meg å seier at det er deilig å sjå at du smiler igjen, seier Bøkko til NRK.

Trenar Edel Therese Høiseth er sikker på at ei omlegging i treninga er det som har gjort at Bøkko no er attende i formen frå sesongen 2010/2011.

– Me har gjort ei litt anna tilnærming, og gått inn frå andre sida med litt meir fartstrening, og det har gitt resultat.

Det er Bøkko enig i.

– Det har blitt fleire økter med fart, og mindre langøkter. Eg har gått ned på treningstimar, og tenkt kvalitet framfor kvantitet. Det har fungert for meg.

Hege Bøkko Stavanger 2016

INN TIL 7. PLASS: Her går Hege Bøkko inn til 7. plass på 1000-meteren i Stavanger tidlegare i år. Då var ho eit halvt sekund bak pallen.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Laget i medfart

Det norske laget presterar betre og betre på dei korte distansane. Til Seoul sender dei ein rekordstor tropp, og fyller opp heile kvota på 6 deltakarar. Ei målretta satsing er det som no ber frukter, meiner trenar Høiseth.

– Det er ikkje tilfeldig, me har gjort eit godt arbeid med sprintarane det siste året, og satsa meir på dei enn før. Dei trenar meir saman enn før, og me har henta inn meir kompetanse.

Edel Therese Høiseth

SPRINTSATSING: Trenar Edel Therese Høiseth meiner at satsinga på korte distansar har fått Hege Bøkko attende i slag

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Bøkko meiner at auka kvalitet på treninga er ei viktig brikke i den satsinga.

– No har me satsa mykje på sprint, og har ei stor gruppe som presser kvarandre på trening. Det at me får til dette saman, er utruleg gøy.

Høge ambisjonar

Etter å ha satt nye personlege rekordar på 500-, 1000- og 1500-meter denne sesongen, kan ho tillate seg å vere ambisiøs før VM.

– Samanlagt blir det vanskelig, men viss alt klaffar på ein 1000-meter, og eg har marginane på mi side, kan det skje.

Siste nytt

  • Kvinnekombinert inn på VM-programmet

    Kombinert for kvinner blir for første gang VM-øvelse i Oberstdorf i 2021, sammen med lagkonkurranse i hopp for kvinner. Det ble klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

  • – Ronaldo tilbudt å betale 140 mill.

    Cristiano Ronaldo skal ifølge avisen El Mundo ha foreslått å betale de over 140 mill. kronene (14,7 mill. euro) han er skyldig i skatt til spanske myndigheter. Ronaldo er beskyldt for å ha unndratt skatt gjennom å bruke skatteparadiser i utlandet i årene 2011 til 2014.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Emilio Morenatti / AP
  • Junior-VM i alpint 2020 til Narvik

    Narvik skal arrangere junior-VM i alpint 2020. Det ble besluttet på FIS-kongressen i Hellas torsdag. Mesterskapet skal arrangeres 5.–15. mars 2020. I Narvik jobbes det for å få senior-VM i 2025.

Sendeplan

Kl. Program Kanal