Bøkko legg opp etter VM
Skøyteløpar Håvard Bøkko har bestemt seg for å legge opp. Det fortalde han sjølv på ein pressekonferanse onsdag. Aftenposten omtalte saka fyrst. Han skal gå allround-VM i Vikingskipet til helga og det blir hans aller siste konkurranse.
– Eg har tenkt på dette meisterskapet sidan OL, det har vore målet lenge. Eg hadde ynskt å kunne vere blant medaljekandidatane, men det er litt usannsynleg nå. Eg håpar å gjere tre gode løp og oppleve Vikingskipet for siste gong med skøyter på beina, seier ein tydeleg prega Bøkko.
33-åringen frå Hol har ei lang merittliste bak seg. Han har eitt gull og ein bronse frå OL. Gullet kom på lagtempo i Pyeongchang, medan bronsemedaljen tok han i Vancouver på 1500 meter åtte år tidlegare.
I 2011 i Inzell tok han sitt einaste gull i VM, også det på 1500 meter. Han har også åtte sølv frå VM i allround og enkeltdistansar. Bøkko gjorde comeback før OL-sesongen i 2018 etter eit kvileår utanfor skøytesporten. I år har han slite med å finne toppforma.