Bodø/Glimts triste bortestatistikk held dermed fram. Heller ikkje mot poenglause Zürich blei det siger. Tvert imot greidde det sveitsiske laget å snu kampen og klatre heilt opp i ryggen på Bodø/Glimt på tabellen.
Glimt-trenar Kjetil Knutsen sa på pressekonferansen etter kampen at dei ikkje er nøgde med prestasjonen.
– Vi er kanskje litt heldige som leier 1–0 til pause, men så sprekk vi meir og meir opp. Då er vi ikkje smarte og mister ballen, avstanden og presset vårt er ikkje bra. Vi har ikkje nokon andre å takke enn oss sjølv for at denne kampen er langt under pari. Eg føler ikkje at vi klarer å henge i hop. Dei får spele rundt oss, sa Knutsen.
På spørsmål frå NRK om det hadde hjelpt om Patrick Berg hadde spela, svarer Knutsen:
– Eg trur Patrick hadde vore viktig for oss i ein slik kamp, men det får vi ikkje gjort noko med.
– Kva er du mest skuffa over?
– Vi er skuffa over strukturen vår de siste 10–15 minutta. Då gamblar vi i presset og spelar nesten i undertal bak til slutt. Det er ikkje smart. Det blir for høg risiko. Måten å avgjere kampen er at strukturen er god nok, og det var han ikkje, spesielt dei siste 10–15 minutta.
No ser Knutsen framover mot Glimts to kampar den neste veka.
– Vi må berre evaluere denne kampen her raskt. Vi må berre erkjenne at denne prestasjonen her ikkje halde mål mot verken Rosenborg eller PSV.
Ole Selnæs spela heile kampen for Zürich.
– Dette betyr mykje, og denne sigeren gir oss sjølvtillit. Vi har ikkje klart å få det til i år. Då vi gjekk til pause med 0-1, så tenkte eg «ja ja, så er det same regla igjen.» Men vi snur det og er best og vinn fortent, sa Selnæs til Viaplay etter kampen.
Sluttspelet i Europaligaen ute av rekkevidd
Ettersom PSV samstundes slo Arsenal, er andreplassen uoppnåeleg for Glimt, som heller ikkje er sikre på å spele vidare i serieligaen. For å klare det, må dei ta poeng mot PSV heime neste veke.
Glimt leia ved pause, men tapte til slutt 2–1 i Sveits.
Glimts leiarmål kom litt mot spelets gang på overtid i første omgang. Midtstoppar Nicola Katic hadde full kontroll, men slurva stygt med klareringa. Det utnytta Glimt perfekt, og Amahl Pellegrino kunne dundre ballen i nettaket.
Då hadde eit litt upresist Bodø/Glimt slite med heimelaget sine kontringar i store deler av omgangen. Heldigvis for Glimt var ikkje Zurichs spissar og avgjerande pasningar veldig presise dei heller.
Derfor var det letta Glimt-spelarar som gjekk av bana etter Pellegrinos leiarmål.
Etter pause var det Glimt som rada opp angrep og sjansar. Både Pellegrino og Runar Espejord kunne scora i dei første minutta av andre omgang.
Men Zürich snudde kampen, og Glimt kollapsa. Tittelforsvararen i den heimlege ligaen, som enno ikkje har vunne der, overtok spelet og sjansane. To stor sjansar brende dei før utlikninga kom.
Nikola Boranijasevic stod der han skulle på ein retur etter at Jonathan Okita hadde treft tverrliggaren, og det stod 1–1.
Det kunne blitt verre. Sju minutt før slutt la Ole Selnæs ein corner inn mot Marchesano, som trefte nesten perfekt med hovudet. Glimt-keeper Nikita Haikin smelte ballen i tverrliggaren og ned. Ballen small i bakken på innsida av streken, men ikkje over. Dermed ikkje mål.
Zürich heldt fram køyret mot Nikita Haikin, som leverte fleire store redningar. Men heimelaget fekk løn for strevet tre minutt på overtid. Antonio Marchesano lurte backen og keeper, og fekk æra av å gi Zürich ein uhyre viktig heimesiger.