Derfor er det Glimt som blir nest sist i årets serie, og må ned saman med Start.
– Det kjennest heilt forjævlig akkurat no, og det kjem til å sitje i lenge. Men sjølvsagt skal vi opp igjen med ein gong, seier Glimts Martin Bjørnbak til NRK.
– Vi kjem nok til å grave oss ned den første veka. Men så skal vi reise oss igjen, seier Bjørnbak.
– Det har skore seg i heile sesongen, det var ikkje i dag det gjekk gale. Men deira første mål var offside og skulle ikkje vore godkjent. Mange slike situasjonar har gått imot oss, seier Glimt-kaptein Trond Olsen. – Det er mykje som ikkje har vore bra nok for oss i år.
Det fall nokre nordlandske tårer då Glimt gjekk av bana på Lerkendal.
Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen har fartstid i Glimt, og i dag var det hans lag som sende gamleklubben ned.
– Vi kan nok ikkje ta ansvaret for det. Men eg håpar Glimt restartar og kjem tilbake. Det er eit lag vi ønskjer å ha i eliteserien, det er viktig for norsk toppfotball, seier Ingebrigtsen.
Han var meir oppteken av å sjå sine spelarar får pokal og medaljar for ligameisterskapet. Det var også Rosenborg som slo Bodø/Glimt i semifinalen i cupen nyleg.
– Ja, vi er nok litt medansvarleg for Glimts sesong, seier han. – Det er tøft å kome hit og må ha poeng.
Bodø/Glimt var eigentleg sjanselause på Lerkendal. Det blei tidleg klart at dei neppe ville klare å slå Rosenborg, og måtte får hjelp for å unngå nedrykk. Den hjelpa fekk dei ikkje.
Rosenborg sløste veldig med sjansane før pause, og då Mustafa Bakenga scora på ei vakker heading, skulle det nok vore blåse av for offside.
Holmar Örn Eyjolfsson dobla leiinga etter keeper-retur eit kvarter etter pause.
Men meir eller mindre ut av det blå reduserte Glimt ved Fitim Azemi. Glimt såg brått sjansen, og var med ein gong mykje meir inne i kampen.
Dei køyrde alt framover, men utan resultat. I staden kunne Rosenborg ha kontra inn fleire mål på slutten.
Men det gjekk ikkje. Glimt tapte 2-1 for seriemeisteren. Dei heldt kvalikplassen til Stabæk tok leiinga mot Start, etterpå var det køyrt.