NRK Meny
Normal

Boasson Hagen vann i Tour de France-generalprøve

Overtok spurttrøya i Criterium du Dauphiné.

Edvald Boasson Hagen

SPURTSLO FRANSKMENN: Edvald Boasson Hagen vann framfor Julian Alahilippe og Nacer Bouhanni.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

– Det var ein veldig hektisk spurt. Det var kamp mot slutten der. Eg sat på Degenkolb sitt hjul på slutten, og klarte å halde meg godt framme, seier Boasson Hagen til TV2 etter etappesigeren.

Nordmannen låg godt plassert i spurtkampen på den fjerde etappen, og tok sin fjerde etappesiger i Criterium du Dauphiné sidan 2010.

Gode poengtrøye-sjansar

Boasson Hagen overtok den grøne trøya i rittet.

– Dette var siste sjanse før fjelletappane. No skal eg prøve å halde på den grøne trøya, seier nordmannen.

29-åringen spurtslo franskmennene Julian Alaphilippe (2.-plass) og Nacer Bouhanni (2.-plass).

– Eg er glad mållinja låg akkurat der den gjorde, seier Boasson Hagen, som antyder at rivalane hadde større fart på slutten.

Kun klatreetappar gjenstår av årets ritt. Med det har Edvald Boasson Hagen svært gode sjansar til å vinne poengtrøya.

Sjanselaus Kristoff

Alexander Kristoff (Katusha) var aldri med i teten då spurttoget gjekk. Det var heller ikkje Sondre Holst Enger (IAM). Kristoff blei til slutt nummer 18. Holst Enger enda på 18.-plass.

Criterium du Dauphiné er oppkøyringsritt til Tour de France. Tre etappar gjenstår før rittet er ferdig søndag ettermiddag.

Tour de France-spurtfavorittane Marcel Kittel og André Greipel køyrer ikkje rittet, men deltar heller i ZLM Tour i Nederland seinare i juni.

Boasson Hagens lagkamerat og spurtkanon Mark Cavendish er heller ikkje med i Criterium du Dauphiné.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal