– Eg hadde tenkt å gå frå den siste bakken der og inn, men det klarte eg ikkje. Då tok eg heller ein langspurt på slutten og eg er sinnssjukt nøgd med å ta denne sigeren heim, seier Edvald Boasson Hagen.
I den siste bakken sette Edvald Boasson Hagen inn eit rykk og fekk følgje av Alexander Kristoff, Sondre Holst Enger og Vegard Stake Laengen. Stake Laengen var uheldig i ei utforkøyring, og velta vekk frå sigerssjansane. Boasson Hagen og Kristoff vart sittande aleine i front mot slutten, men ei mindre gruppe samla seg med tre kilometer att til mål.
Mot slutten var det ei lita gruppe på nokre få ryttarar, men inne på den siste kilometeren sette Boasson Hagen inn det avgjerande rykket.
– Eg trur han har aldri vore sterkare enn det han er no. Han er nok sterkare enn nokonsinne, seier Boasson Hagens trenar, Fredrik Mohn.
– Det lovar veldig bra. Det ser ut som han har klart å restituere etter alt han var igjennom i vår. Dette passar veldig bra med tanke på starten i Tour de France.
Alexander Kristoff vann spurten i gruppa bak og vart nummer to, medan Kristoffer Halvorsen tok den siste pallplassen.
– Eg er skuffa, vi skulle vinne i dag. Edvalds rykk overraska meg og eg kunne ikkje tette den luka sjølv, då hadde eg hatt ingenting å spurta med, seier Kristoff.
Edvald Boasson Hagen vann fjorårets NM på heimebane på Lillehammer, og har køyrd i den norske meistertrøya det siste året. Same mann tok også NM-tittelen på tempo, tidlegare denne veka.
Alexander Kristoff, Edvald Boasson Hagen Vegard Breen og Sondre Holst Enger skal alle køyre Tour de France om ei dryg veke.
NM vart arrangert i Bodø, og gjekk i ei rundløype på 11,8 kilometer.
- Les også: