NRK Meny
Normal

Klar for T-Mobile

Samstundes med dopingavsløringane i sykkelsporten skreiv talentet Edvald Boasson Hagen under for T-Mobile.

Edvald Boasson Hagen skreiv under for T-Mobile
Foto: Ole Rolfsrud / NRK

20-åringen frå Oppland har skrive toårskontrakt med den tyske klubben. Men han likar dårleg dopingavsløringane som har kome fram dei siste dagane.

- Du veit aldri om du har skrive under for rett klubb. Og det har vore mykje snusk. Men vi får tru at det er nye tider no, og sjå framover, sa Boasson Hagen på pressekonferansen fredag formiddag.

Manager Birger Hungerholt trur klubben no er "rein".

- Dei har jobba mykje med dette i det siste, og no seier dei at alt går rett for seg. Det trur eg på, seier han til NRK.

- Det sa dei vel for ti år sidan og?

- Ja, og eg trudde på dei då også. Men no er eg meir overtydd enn nokonsinne, seier Hungerholt.

Siste nytt

  • Modrić VMs beste spiller

    Luka Modrić tapte VM-finalen, men vant prisen som mesterskapets beste spiller. Eden Hazard ble nummer to, og Antoine Griezmann ble nummer tre.

    World Cup - Final - France v Croatia
    Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters
  • Mbappé kåret til beste unge spiller

    Kylian Mbappé fikk prisen som VMs beste unge spiller. 19-åringen vinner prisen etter fire scoringer i mesterskapet for verdensmester Frankrike. Den siste kom i finalen, da han satte inn 4-1-scoringen.

    Mbappe
    Foto: Alexander Nemenov / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal