– Eg hadde absolutt ein stor sjanse i dag. Sett i ettertid burde eg venta litt med rykket. Det skjedde akkurat litt for tidleg til at det heldt inn, sa Boasson Hagen til NTB etter rittet.
– Eg fekk eit bra opptrekk av Rigoberto (Uran) og følte for ein gongs skuld at spurten var lite organisert. Derfor trudde eg det var lurt å gå tidleg før nokon andre greip sjansen. Dessverre heldt det ikkje inn, men eg får nye moglegheiter. Kanskje allereie i morgon, la 26-åringen til.
Den norske Sky-ryttaren låg lenge an til etappesiger, men scenarioet frå fjorårets sykkel-VM gjentok seg i Tarragona torsdag.
Under VM i Frankrike i fjor var det nemleg Philippe Gilbert som var best i avslutninga, følgt av ein Edvald Boasson Hagen. Nordmannen enda på andreplass.
I VM rykte Gilbert ifrå, medan Boasson Hagen rykte ifrå torsdag i Spania. Forskjellen blei at nordmannen aldri henta inn belgiaren i VM i fjor, medan Gilbert klarte det motsette i Spania rundt.
- Les også:
- Les også:
Belgiske Philippe Gilbert sykla inn til ein etterlengta etappesiger i verdsmeistertrøya.
Foto: DAVID STOCKMAN / Afp– Ekstra godt
Boasson Hagen fekk ei luke 100–150 meter før mål, og såg lenge ut til å halde unna for Gilbert. Men på oppløpet kom den regjerande verdsmeisteren seg forbi, og vann til slutt med ei halv sykkellengde.
Det var ein sårt etterlengta triumf for Gilbert. Det var nemleg BMC-ryttaren sin første etappesiger iført verdsmeistertrøya.
– Det har vore veldig vanskeleg i heile år. Difor er det ekstra godt å vinne i dag. Ein spesiell siger, særleg fordi eg har familie her i Catalona, sa Gilbert i sigersintervjuet.
Boasson Hagen var på si side tydeleg skuffa etter andreplassen på den 164,2 kilometer lange etappen. Maximiliano Richeze (Lampre) sykla inn til tredjeplass på den 12. etappen.
Samanlagt er Vincenzo Nibalo framleis i føringa. Den italienske Astana-kapteinen er 31 sekund framfor Nicolas Roche (Saxo-Tinkoff) og Alejandro Valverde (Movistar).
- Les også:
- Les også:
(NRK/NTB)