Det var på førehand spådd eit oppgjer mellom Edvald Boasson Hagen og fjorårsvinnar Reidar Borgersen. Men det var fleire som ville ha eit ord med i laget på den 49,6 kilometer lange tempoetappen i Brummundal.
Stake Laengen punkterte
For etter 13,3 kilometer var nemleg Vegard Stake Laengen fire små sekund framfor Hagen og såg ut til å kunne kjempe om gullmedaljen.
Men ved runding punkterer Team Joker-ryttaren og må sykle resten av rittet på vanleg landevegssykkel. Dermed gjekk sekunda raskt og på neste passering var forspranget spist opp.
LES SAKA: – Det bildet sier mer enn 1000 ord
– Det går greitt opp bakken, men på flatene og nedover står det stille, seier Laegen til procycling.no etter målgang.
I mål er han over tre minutt bak Edvald Boasson Hagen. Mannen frå Rudsbygd måtte likevel vente lenge på å bli utropt til årets noregsmeister.
LES SAKA: NRK sender Tour de France på radio
Overlegen Boasson
Særleg nervøs var han nok likevel ikkje. Korkje Reidar Borgersen, Tour of Norway-overraskinga Andreas Vangstad eller dagens andre utanlandsproff på start, Vegard Breen er i nærleiken av å true passeringstidene til 28-åringen.
– Det er absolutt veldig bra. Eg er godt fornøgd, og følte at det var eit greitt tempo sjølv om det blei tungt i motbakkane, seier Boasson Hagen til NRK etter målgang.
Men på start var han langt frå sikker på om dette var dagen skulle bli historisk i NM-samanheng.
– Eg var veldig usikker på korleis det skulle vere etter å ha vore litt forkjøla den siste veka og ikkje fått køyrt hardøkter. Men eg har fått bygd overskot og kroppen responderte bra i dag, fortel gullvinnaren.
Til slutt er det sørlendingen Andre as Vangstad frå Kristiansand CK som er nærmast gullet, to minuttar og seksten sekund bak Boasson Hagen. Truls Engen Korsæth frå Lillehammer CK tek bronsemedaljen 19 sekund bak der igjen.
Uheldige Vegard Stake Laengen måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen, men det er ingen tvil om at 26-åringen hadde stått på pallen utan punktering.