Hopp til innhold

Bø: – Verka som Fourcade ville øydelegge for meg

POKLJUKA/OSLO (NRK): Martin Fourcade oppførte seg så rart på sisterunden at Johannes Thingnes Bø lurte på kva rivalen dreiv på med.

Her får Martin Fourcade det verkeleg hardt på sisterunden i Pokljuka.

Laster innhold, vennligst vent..

– Fourcade var litt framfor og litt bak, også slapp han plutseleg Doll i ein oppoverbakke i staden for å gå forbi. Så det verka som han var mest oppteken av å øydelegge for meg enn å ta Doll, seier Johannes Thingnes Bø om sisterunden i mennenes fellesstart i Pokljuka.

Martin Fourcade hevdar han ikkje var ute etter å øydelegge for konkurrenten.

– Nei, eg var heilt øydelagd. Om eg hadde hatt krefter, så kjenner du strategien min. Eg er ikkje den beste spurtaren i verda, så når eg kan skaffe meg ein fordel, så gjer eg det, seier Fourcade.

I verdscupen samanlagd er både Thingnes Bø og Fourcade med i kampen om sigeren. I dag sleit dei begge med å hente tyske Benedikt Doll på sisterunden.

Bø og Fourcade

Johannes Thingnes Bø klarte til slutt å slå Martin Fourcade, men syntest franskmannen gjekk uvanleg sakte på sisterunden.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / Fredrik Sandberg/TT

– Ingen grunn til å sleppe 20 meter

Då Fourcade plutseleg lét tyskaren gå frå han begynte Thingnes Bø å lure på om franskmannen tenkte meir på verdscupen enn på andreplassen i dagens fellesstart.

– Det var vel taktisk at han venta på oss. Det er tungt å gå renn uti der, og eg var heilt ferdig sjølv. Eg hadde jo håpa å ta tyskaren, men når det vart som det vart var eg ikkje tett nok oppi ryggen til å kunne gå forbi inn til mål.

– Men trur du faktisk at Fourcade er så taktisk med tanke på samandraget at han ville øydelegge for deg?

– Nei, eg trur eigentleg ikkje det. Men det var absolutt ingen grunn til å sleppe 20 meter i den siste motbakken uti der. Kva han eigentleg tenkte, eller om han berre var heilt ferdig, det veit eg ikkje, seier Thingnes Bø, som etter løpet var veldig klar for å komme seg til flyplassen og kome seg heim til den nyfødde sonen Gustav og kona Hedda.

I mål var det franske Quentin Fillon Maillet som vann, medan Benedikt Doll klarte å ta andreplassen. Johannes Thingnes Bø tok tredjeplassen, medan Vetle Sjåstad Christiansen spurtslo Fourcade i kampen om ein fjerdeplass.

JnfCa5O_SxQ

Quentin Fillon Maillet vann fellesstarten framfor tyske Benedikt Doll og Johannes Thingnes Bø.

Foto: Darko Bandic / AP

– Heilt utan krefter på slutten

Martin Fourcade seier veka har vore hard for både han og det franske laget etter at lagkameraten Fabien Claude mista faren sin i ei snøscooterulukke i Canada.

– Eg følte hovudet mitt var øydelagd. På sisterunden hadde eg ikkje mykje krefter etter dei første fire rundane kor eg hadde forsøkt å få luke til Johannes, og deretter forsøkt å hente han inn att. Det var ein tøff konkurranse for meg i dag, seier Fourcade, som alt i alt var nøgd med dagens resultat.

Fem norske blant topp ni

Vetle Sjåstad Christiansen la også merke til ein Fourcade som gjekk unormalt sakte på sisterunden.

– Det var merkeleg å sjå, for eg følte han hadde ganske god kontroll resten av løpet. Det såg ut som han koste seg i front og drog mykje, og då trudde eg han følte seg sprek. Men det stoppa opp for han på slutten. Kanskje han feilvurderte kreftene sine, seier Christiansen.

Det vart til slutt ein god norsk dag i Slovenia, i tillegg til Thingnes Bø og Christiansen kom Erlend Bjøntegaard på 6.-plass, Johannes Dale på 7.-plass og Tarjei Bø på 9.-plass. Alle dei norske fekk ein bom kvar på siste skyting og mista dermed sjansen til å vinne rennet.

I verdscupen samanlagd er det Martin Fourcade som framleis leiar før VM starter i Anterselva om to veker. Dagens vinnar Quentin Fillon Maillet har andreplassen, medan Johannes Thingnes Bø gjekk seg opp til ein tredjeplass i dag. Det er heile 119 poeng opp til Fourcade, men så kan også Bø stryke to av dei renna han stod over då han var heime for å vere med på kona sin fødsel.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal