Hopp til innhold

Bø slår tilbake mot vrake-forslag: – Har ikkje peiling

NRKs ekspert Ola Lunde meiner Tarjei Bø bør ta seg ein pause frå verdscupen og gje Endre Strømsheim sjansen.

Tarjei Bø Ola Lunde

KVILE: Ola Lunde meiner Tarjei Bø burde teke ein pause frå verdscupen.

Foto: KALLE PARKKINEN/BILDBYRÅN / Vidar Ruud/NTB

– Slik han presterer no synest eg han kunne teke seg ein pause, seier Ola Lunde.

For etter resultatrekkja 53-18-9-39-16 for Tarjei Bø i verdscupen så langt, meiner NRK sin ekspert at Bø burde fått ein flybillett heim til Oslo.

I staden dreg han til franske Annecy Le Grand-Bornand for den tredje verdscuprunden.

– Plassen til Tarjei burde vore trua, men eg trur han får fornya tillit, sa Lunde søndag kveld.

Måndag fekk han rett då uttaket vart presentert.

Sjølv meiner Tarjei Bø at han fortener plassen på verdscuplaget.

– Kva seier du til kritikarar som seier at du må ut?

Sesongstart skiskyting

TRYGG: Tarjei Bø er sikker på at resultata vil snu.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Då seier eg at dei ikkje har peiling, seier Bø med glimt i auget.

Han er heilt ærleg på at resultata denne sesongen ikkje har vore bra nok, men er trygg på at forma, og resultata, vil komme.

Vi har mange gode utøvarar og både eg og Vetle har vore litt under pari i år, spesielt på skytebanen, men alle der heime veit kva slags toppnivå vi har. Vi må ha litt is i magen, både vi og folk som heiar oss fram. Vi slår tilbake, seier Bø til NRK.

Landslagssjef Per Arne Botnan støttar Bø og meiner Lunde burde forstå at det er lite som skal til før stryningen er tilbake på topp.

– Det er små justeringar som skal til for Tarjei, og det er lettast å følgje opp når han er med landslaget her i staden for å reise heim, seier Botnan til NRK.

– Veldig dårleg

Men Ola Lunde meiner skiskyttarforbundet gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved å ta med same mannskap til dei tre første verdscuprundane i sesongen.

– Poenget er at viss det laget som har komme inn frå starten får reise rundt heile vinteren, då er det ikkje sjanse for nokon av dei under på øvste nivå. Dominerer du i IBU-cup så fortener du sjansen, meiner Lunde.

Ola Lunde

KRITISK: Ola Lunde meiner landslagsleiinga må sleppe til utøvarar frå IBU-cup i verdscupen.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Og akkurat det har Endre Strømsheim gjort. På sesongens fire først renn på det nest øvste nivået står Strømsheim med tre sigrar og ein andreplass.

Men sjølv om han har vore svaret til IBU-cupen på Johannes Thingnes Bø, får ikkje Strømsheim høvet til å måle krefter med verdseliten.

– Eg synest ikkje det er bra, når vi har det nivået vi har på løparar i IBU-cupen. Endre Strømsheim har dominert i IBU-cup, og viss han ikkje får sjansen så synest eg det er veldig dårleg, seier Lunde.

Eksperten påpeikar at det ikkje blir noko lettare å vrake eliteløparar i januar, og at ein truleg vil sjå dei same norske løparane i verdscupen fram til VM i februar.

Les også NRK-ekspert refsar skiskyttarleiinga: – Dei gjer ei dårleg vurdering

Synnøve Solemdal mener det var uforsvarlig å la Karoline Knotten gå

– Heilt usamd

Det gjer Strømsheim frustrert.

– Det er heilt tragisk. Eg er heilt usamd i uttaket basert på forbundet sine eigne kriterium. Der står det at ein skal gje utøvarar som treng erfaring på høgare nivå moglegheita. Det treng eg, og i tillegg har eg resultata frå IBU-cupen. Så eg slit litt med argumentasjonen deira, seier Strømsheim til NRK.

– Kva har landslagsleiinga sagt til deg?

Sesongstart Skiskyting Sjusjøen

TRAGISK: Endre Strømsheim forstår ikkje argumentasjonen til landslagsleiinga.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Dei har ikkje sagt anna enn at Tarjei er nyttig vidare med erfaringa si. Dei må nesten forklare det sjølv.

Botnan forstår poenget til Strømsheim om at yngre løparar skal få prøve seg i verdscupen.

– Det står i uttaksreglane, ja. Men dette kjem meir utover i sesongen viss dei etablerte ikkje har prestert til då. Den vurderinga vil vere meir aktuell utover i sesongen, forklarer landslagssjefen.

Per Arne Botnan

UTFORDRING: Landslagssjef Per Arne Botnan meiner utfordringa til Strømsheim er at nivået er så høgt på herresida.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

– Utfordringa er nivået

På veg til Ridnaun i Italia og andre runde av IBU-cupen, legg han ingenting imellom når det gjeld handteringa til forbundet av dei nest beste utøvarane.

– Det er ikkje noko nålauge ein gong, det er inga moglegheit. Kva ein leverer i IBU-cupen er ikkje relevant. Dei gongene nokon frå IBU-cup får moglegheita i verdscupen er berre når det passar for verdscuplaget, seier Strømsheim og understrekar:

– Eg har stor respekt for Tarjei og det han har prestert tidlegare. Eg meiner ikkje han skal vrakast på grunn av ein svak start, men at leiinga kunne sett dette som ei moglegheit for å kvile Tarjei og gi meg sjansen i verdscupen.

Landslagssjefen forstår skuffelsen til Strømsheim.

– Endre kunne ikkje gjort det så mykje betre eigentleg for å kvalifisere seg til verdscupen. Utfordringa er at nivået er så høgt på herresida. Tarjei har ikkje vore heilt topp i verdscupen då, men historikken seier litt om kapasiteten hans, og han vann trass alt opningshelga på Sjusjøen, fortel Botnan.

Les også Langrenn får kjeft for å droppe «fattighus»: – Det er svakt

Trond Nystad og gratis utstyr - bildecollage.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal