Norges mestvinnande skiskyttar dei to siste åra oppsummerer sesongens innsats slik:
– Dårleg.
Johannes Thingnes Bø har ikkje vore til å kjenne igjen i konkurranse i vinter.
I mars 2015 blei han Norges einaste gullvinnar i VM.
I desember sank han sønderknust saman etter 64.-plass i verdscupen i Pokljuka, og nekta å snakke med media.
– Då ville eg ikkje snakke med nokon. Eg trengte tid for meg sjølv. Eg har høge forhåpningar. Då blir skuffelsen endå større når det går dårleg, seier han.
Vanskeleg
22-åringen har vore langt unna gammal form.
– Eg er inne i ein vond sirkel som er vanskeleg å komme seg ut av. Eg tenker nok meir enn nødvendig.
– I fjor hoppa eg rundt og tenkte ikkje konsekvensar. Det er vanskeleg å forklare kvifor det ikkje er sånn no, seier Thingnes Bø.
På sesongens seks første individuelle renn har 22-åringen bomma 23 gangar. Pallen har han ikkje vore i nærleiken av (6. plassen i Östersund eit lite unntak).
Til samanlikning har Ole Einar Bjørndalen berre ti bom på dei same renna.
Fascinert av statistikken
Landslagstrenar Egil Gjelland er litt fascinert av veslebror Bøs høge toppnivå og ekstreme bånnpunkt.
– Det er berre å sjå på statistikken. Enten vinn han eller så blir han nummer 20. Han har ingen pallplasseringar utanom førsteplassar, seier Gjelland.
Ikkje ulikt tidlegare landslagsspelar i fotball, Daniel Braaten, som er kjent for sitt ekstremt varierande nivå frå best i den eine kampen til totalt anonym i den neste.
– Spør meg igjen når eg er 30 år. Dersom det fortsatt er sånn er eg skiskytingas Daniel Braaten, men eg har heldigvis eit par sesongar på meg, seier 22-åringen.
Gullambisjonar
Landslagstrenar Gjelland trur det bare er eit tidsspørsmål før VM-vinnaren frå Kontiolahti er tilbake der han var i mars i fjor.
– Han har gjort ein veldig god jobb i jula. Eg trur vi kjem til å sjå ein annan Johannes her i Ruhpolding enn den utgåva vi såg før jul, seier Gjelland.
– Målet er gull. Ting snur raskt og det er fortsatt ei stund igjen til VM, seier Johannes Thingnes Bø.