Bø inn til ein skuffande 25. plass
Tarjei Bø hadde sjansen til å få tak på den gule leiartrøya i verdscupen i skiskyting når veslebror Johannes valde å bli heime med si gravide kone i staden for å reise til Oberhof. Men med sju bom kom Bø inn til ein skuffande 25.plass. I staden for tok Martin Fourcade over den gule trøya ved å vinne fellesstarten framfor tyske Peiffer og landsmannen Desthieux.
Med ein bom mindre ville både Johannes Dale (fire bom) og Vetle Sjåstad Christiansen (fem bom) fått ein andreplass i dag, men dei må nøye seg med 4. og 8. plass. Bjøntegaard (fem bom) gjekk inn til 13. plass.