– Det er litt rart å spør om, seier Ingrid Landmark Tandrevold.
Tarjei Bø susa inn til tredje beste langrennstid då han tok andreplassen på sprinten i Østersund søndag. Etterpå fekk han spørsmål på engelsk om han hadde blitt «leaner», som på norsk betyr slankare.
Spørsmålet kom frå Det internasjonale skiskyttarforbundets presseansvarleg, som leia heile seansen.
– Ekspertane har observert at du er slankare enn førre sesong. Er det noko du har endra?
– Kva sa du? At eg er?
– At du ser slankare ut med mindre kilo...
– Åja. Tynnare, seier ein lite affisert Bø og ler.
– Dei kalla deg «Den slanke maskina» på Eurosport...
– Ok. Ja, det er bra. Kanskje det er sant. Eg er ikkje sikker, men eg har trena mindre styrke for å vere heilt ærleg, seier Bø.
– Meint som ein «funny joke»
Dagen etter at han tok temaet på strak arm understrekar Bø han ikkje bryr seg om å få slike spørsmål. Men han påpeiker samtidig at slike fokus kan vere ubehageleg for andre utøvarar å få.
– Det var nok meint som ein «funny joke», men ein skal kanskje trø litt forsiktig med slike spørsmål til andre. Du veit jo aldri kva folk jobbar med på privaten, seier han.
Det internasjonale skiskyttarforbundets medieavdeling forsvarer spørsmålet overfor NRK.
– Det var sportsrelatert og derfor greit av min kollega å stille, seier talsmann Christian Winkler.
Personleg helse
Ingrid Landmark Tandrevold meiner slike spørsmål ikkje nødvendigvis passar for alle. Og at dei fort kan bli for private sjølv om dei er sportsleg relaterte og meint som kompliment.
– Eg hadde nok blitt litt satt ut, seier Tandrevold, som nyleg snakka om vekt og toppidrett i podcasten Kant ut.
– Det er nok ingen som hadde stilt det spørsmålet til ei jente. Eg synst jo det skal vere likt for begge kjønn, men at ein kanskje ikkje skal blande seg opp i slike tema uansett.
– Korfor?
– Det er jo eit spørsmål om eigen helse. Det er ingen som spør kva medisinar ein tar og sånn. Dette handlar jo om personleg helse, seier Tandrevold, som meiner Bøs forvandling også dreier seg om at han har unngått sjukdom før sesong.
– Uheldige signal
22-åringen får støtte av trenar Sverre Waaler Kaas, som trur at slankespørsmål i verste fall kan føre til at toppidretten sender feil signal til yngre utøvarar.
– Det kan sende uheldige signal. Utøvarar som fortsatt er i vekst vil med fordel gå opp i vekt naturleg. Om dei skal tukle med vektnedgang som ei førebuing til sesong, vil det slå uheldig ut over tid.
– Signalet frå eldre til yngre vil jo vere at dette er ei toppidrettsgreie, men toppidrett driv du med når du er på elitelandslag og skal gå verdscup. Ikkje når du skal gå eit kretsrenn som 14-åring, seier Waaler Kaas.
Tarjei Bø ler av situasjonen, men ser også at den har eit seriøst bakteppe etter fleire saker om vekt og slanking i toppidretten.
– Det har nok tatt litt av den siste tida, men det handlar om å vere gode forbilder for alle som kjem etter oss. Det er viktig å snakke om dei problema folk kan ha rundt det temaet, men vi bør også kunne tøyse litt med det, seier Bø.