Trass eit bortepoeng var ikkje TILs midstoppar Simen Wangberg nøgd.
– Vi går for tre poeng. Men utover i ander omgang stengde vi kampen og gjekk for eitt poeng. Vi er ikkje nøgd med prestasjonen, vi ville helst hatt tre poeng, seier Wangberg til Max.
Tromsøs trenar Simo Valakari var nøgd med å halde nullen.
- Det var godt forsvarsspel. Gutane jobba godt. Men vi er ikkje gode nok lengst framme, vi makta ikkje å tru at vi kunne score og vinne. Vi må også ta til å tru på at vi kan legge pasningar, seier Valakari.
Han har lagt om stilen til å halde ballen meir i laget. Det gav eitt poeng.
– Dårleg prestasjon
VIF-trenar Ronny Deila rista på hovudet.
– Dette var ein dårleg prestasjon. Det blir for passivt, vi blir spela bakpå. Eg kan ikkje klage på eitt poeng slik kampen utvikla seg. Vi manglar rytme, og vi manglar sjølvtillit, det går litt for seint. Men vi taper ikkje, verda har ikkje gått under, seier Deila.
For aller siste gong takka Vålerenga-spelarane heimepublikum på litt over 10.000 etter kampslutt på heimebana Ullevaal.
Når Sarpsborg 08 er motstandar i neste kamp 10. september, er det på flunkande nye Vålerenga stadion.
104 kroner for billetten
Det markerte klubben med flat billettpris på 104 kroner – tilsvarande talet på år klubben eksistert før dei fekk eiga bane.
Vålerenga opna best i begge omgangane, men gav raskt slepp på overtaket. Og botnlaget kunne gle seg over eitt poeng i bagasjen nordover. Det er klubbens første bortepoeng sidan 2–1 over Rosenborg på Lerkendal 16. mai. Sidan har det blitt fire tap på bortebane.
Første poeng
Med dagens mållause oppgjer fekk også Simo Valakari sitt første poeng som TIL-trenar.
Første omgang blei sjansefattig. Tromsø prøvde så godt dei kunne å dra tempoet ned, og lykkast. Vålerenga hadde nok dei fleste sjansane, men Tromsø kontra seg også til eit par brukbare.
– Det har vore taktisk, nesten som eit parti sjakk, sa Valakari til Max i pausen.
Taktisk blei det også i andre omgang, og Tromsø slapp sjeldan heimelaget til.Men mot slutten av kampen pressa Vålerenga enormt, utan resultat.
Poenget kunne ikkje redde Tromsø unna sisteplassen, men no er dei berre målskilnaden bak Viking.