Hopp til innhold

Sjekk treningsmengdene til Norges råaste

Han trenar truleg mest av alle toppidrettsutøvarane i landet. Kristian Blummenfelt frå Bergen blir Norges første OL-deltakar i triatlon nokonsinne.

Her er Norges råeste idrettsutøver

VIL VINNE I OL: Kristian Blummenfelt har fire økter på en vanleg treningsdag.

Kristian Blumenfelt

Kristian Blumenfelt har OL i Rio i sikte. For å nå målet om OL-gull trente han 1250 timar i 2014. Denne sesongen blir det truleg endå meir. (Foto: Gjermund Midtbø)

– Det er ikkje noko å ork å hoppe ut i bassenget klokka seks om morgonen. Det er ein deilig følelse, seier Kristian Blummenfelt til NRK.

Det er grytidleg i AdO arena (Aexander Dale Oen Arena) i Bergen sentrum. 21-åringen er i gang med den første av fire økter denne dagen.

Etter to timar med svømming i Vestlandets hovudstad, byttar han til tights og joggesko.

Deretter ventar fleire treningstimar på sykkelsetet. Han trenar mellom fem til åtte timar kvar dag.

– Det er deilig å vite at du ikkje skal svømme på kvelden igjen. At du «berre» skal løpe og sykle, seier Blummenfelt.

For slik er ein vanleg treningsdag i Kristian Blummenfelts liv:

06 - 08.00: Svømming

10 - 11.00: Basis styrketrening

13 - 15.00: Sykkel

15 - 16.30: Løp

Ei typisk treningsveke ligg på omlag 35 timar. Ei skikkeleg hard veke trenar eg 42-43 timar, fortsetter råskinnet frå bydelen Landås i Bergen.

Knuser Johnsrud Sundby

Det betyr at bergensaren truleg trenar desidert mest av alle norske idrettsutøvarar.

Langrennsløparen Martin Johnsrud Sundby auka treningsmengdene i fjor til 1150 timar i året.

Han blir knust av råskinnet mellom dei sju fjella, som i 2014 trente omlag 1250 timar året.

– Forhåpentlegvis blir talet på treningstimar auka i 2015, seier han.

No håpar han blodslitet skal gje resultat.

For i verdscupen har han alt vist med ein tredjeplass i New Zealand at han kan vere ein medaljekandidat i Rio.

– Målet er å vinne OL. Eg har lyst til å prestere der. Det å berre vere der, ser eg ikkje på som så stort, seier 21-åringen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Kristian Blummenfelt

Kristian Blummenfelt der han kanskje likar seg best, på toppen av Ulriken, med utsikt over Bergen. Her saman med sportssjefen i Norges Triathlonforbund, Arild Tveiten. (Foto: Gjermund Midtbø)

Skal vere aller best i Tokyo

Sportssjefen i Norges Triathlonforbund har aldri opplevd makan til trening og offervilje frå ein utøvar.

– Han gler seg til å trene 40 timar i veka. Det tykkjer eg er unikt. Måten han motiverer- og førebur seg til øktene er eineståande. Han er veldig profesjonell i alt han gjer, seier Arild Tveiten til NRK.

Sjølv om målet er medalje i Rio-OL, er det fire år seinare han skal vere best, i Tokyo-OL i 2020.

– Då er eg i rett alder, og på toppen av karriera. Det er ingenting som ikkje tilseier at eg skal vere hundre prosent i Tokyo, seier Kristian Blummenfelt.

Siste nytt

  • Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier

    Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.

    Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.

    – Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.

    – Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)

    HhLi7d6bTSc
    Foto: AP
  • Ny nedtur for United – audmjuka på eige gras

    Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.

    – Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.

    For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.

    – No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.

    Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.

    Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.

    Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.

    Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.

    Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.

    United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.

    Men han får sin revansj like etterpå.

    Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.

    Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.

  • Oilers opp i rygg på Storhamar

    Stavanger Oilers måtte slite for poengene i den framskutte kampen mot Lørenskog, men Nick Dineens scoring ga 1-0-seier.

    Seieren sender Oilers opp i rygg på serieleder Storhamar. Begge har 15 poeng av 18 mulige etter seks spilte kamper.

    Hjemmelaget dominerte kampen stort og vant skuddstatistikken 56-9, men greide bare en gang å overliste Lørenskog-keeper Anders Iversen Haugum. Det var da Dineen vel halvveis i første periode dro av en motspiller og scoret alene med keeper.

    Oilers måtte forsvare seg med nebb og klør da Anders Tangen Henriksen ble utvist vel tre minutter før slutt og gjestene etter hvert tok ut keeper og spilte seks mot fire.

    Kampen tilhører egentlig neste ukes midtukerunde, men da er Oilers opptatt med CHL-kamp mot tsjekkiske Ocelari Trinec. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste