«Kjøkkenet som lagar maten til idrettsutøvarane er truleg det mest overvaka og sikra området i Jiangsu-provinsen. Alle dører er stengt med lås, og bare dei som jobbar på kjøkkenet har tilgang,» skriv Yangtze Evening News.
Med hundre dagar til OL er stornasjonar som Kina i intens oppkøyring til årets store høgdepunkt i London til sommaren.
Og idrettsleiinga i det resultatambisiøse landet er tydeleg livredd for å øydelegge alt treningsgrunnlaget og håpet om å kapre edelt metall.
Ein måte å spolere OL-sjansane på er å ete utanlandsk kjøtt, meiner kinesiske myndigheiter.
Difor har minst 196 OL-deltakarar, som ladar opp i Kinas «National Aquatics Centre», i samråd med forbunda vald å avstå frå lam, storfekjøtt og svin i frykt for å bli dopingtatt.
Svømmarar, stuparar og utøvarar frå andre idrettar som går føre seg i vatn har droppa inntak av kjøtt dei siste 40 dagane.
Clenbuterol-skandalane
Kjøttet dei nektar å ete kan nemleg innehalde stoff som står på det internasjonale antidopingbyrået WADAs liste over ulovlege medikament, som for eksempel Clenbuterol, skriv Reuters.
I bakhovudet har kinesarane den lange lista over verdas toppidrettsutøvarar som har testa positivt for doping, for så å hevde at dei ulovlege stoffa kom i kroppen ufrivillig og via måltid.
- Den kjende toppsyklisten Alberto Contador har ifølgje seg sjølv hamna i klemma på grunn av dette. Han testa positivt for Clenbuterol under Tour de France i 2010, og hevda umiddelbart at ein biffmiddag var årsaka til utslaget på dopingtesten. Contador er utestengd frå sykkelsporten fram til august 2012.
- Året etter Contador-skandalen blei fem mexicanske fotballspelarar sparka ut av Concacaf cup. Dei testa også positivt for stoffet Clenbuterol, men fekk aldri straff i form av utestenging. Årsaka til dei positive testane var ifølgje fotballtoppane i landet at spelarane fekk i seg det forbydde stoffet etter å ha ete forderva kjøtt.
- Også ei rekke kinesarar har hamna i sportssirkusets gapestokk etter å ha testa positivt for Clenbuterol. Av dei er OL-gullvinnar Tong Weng (judo), som også konkluderte med at kjøttmåltid var årsaka til nok ein dopingskandale.
Masseutestenging etter Clenbuterol-avsløring
Ifølgje Dopinglist har 89 idrettsutøvarar testa positivt for Clenbuterol dei siste ti åra.
Seks av desse er svømmarar frå Kina, tatt og dømt i 2008. Ein av dei får aldri lov til å konkurrere igjen. Dei resterande fem måtte stå utanfor idretten i to år.
Ekstrem overvaking
I løpet av 2012 har overvakinga av treningsleirane i Kina blitt intensivert. Dette for å hindre at OL-deltakarane ufrivillig får i seg Clenbuterol-infisert mat.
I tillegg har myndigheitene ført ekstrem kontroll av lokale råvarer produsert nær desse leirane.
Kinesisk kjøttproduksjon er nemleg viden kjent for skandalar som følgje av produsentanes bruk av kraftfôr.
Stoffet Clenbuterol er forbode i matvareproduksjon i landet, men er likevel blitt funne i forureina grisekjøtt.
Clenbuterol aukar muskelvolumet og feittforbrenninga og skapar med det reinare kjøtt.
Hos menneske blir stoffet rekna som prestasjonsfremjande.
Difor får OL-håpa bare ete utanlandsk fisk og innta proteinpulver for å dekke proteinbehovet dei neste hundre dagane.