Hopp til innhold

Blir lovprisa etter trenarstarten: Meiner Kristoffersen bør trene landslaget

Marthe Kristoffersen har igjen teke rolla som eit av Noregs mest spennande namn i langrennssporten. Denne gongen som trenar.

Trener Kristoffersen

FÅR ROS: Marthe Kristoffersen har hatt ein flott start på trenarkarrieren og hjelpt fram to landslagsutøvarar frå Team Veidekke Innlandet i fjor.

Foto: Stig Westre / NRK

Lenge var Marthe Kristoffersen sett på som framtida til norsk langrenn. Saman med Therese Johaug tok ho langrennssporten med storm allereie som junior.

Medan den tidlegare romkameraten framleis dominerer resultatlistene, har Kristoffersen gått over til å bli trenar for regionlaget Innlandet.

Landslagskvinnene

Kristoffersen var ein del av kvinnelandslaget frå 2009 til 2015.

Foto: Kristoffer Øverli Andersen / NTB Scanpix

– I starten syntest eg det var litt utfordrande, men no synest eg det er veldig herleg. No kan eg piske dei rundt og sleppe å gjere jobben sjølv. Eg trivst godt. Det gir meg veldig mykje å kunne utvikle andre, seier Marthe Kristoffersen om overgangen frå utøvar til trenar.

– Dyktig

I vinter tok Kristoffersens elevar Håvard Solås Taugbøl og Martin Løwstrøm Nyenget så store steg at det vart landslagsplass til begge.

Når dei no er inne på landslaget, har Nyenget behalde Kristoffersen som trenar, medan ho fungerer som ein mentor som følgjer opp Taugbøl tett.

– No er eg på landslaget, men eg bruker Marthe som trenar framleis. Nossum (landslagstrenaren) og Marthe har ein god dialog, og no når eg er skadd og ho bur på Lillehammer, har ho bidrege kjempebra og hjelper meg tett i oppfølginga dagleg. Ho er veldig dyktig, seier Nyenget til NRK.

Motgangen hjelper som trenar

At ho skulle ta opp trenaryrket, var eigentleg ikkje i tankane til Kristoffersen, men etter å ha vore i praksis hos den gamle skulen sin på NTG Lillehammer vinteren 2017 vart ho tilboden ei stilling ved skulen.

Derfrå har trenarkarrieren blomstra for det tidlegare stortalentet.

NRKs ekspert, Fredrik Aukland, har sjølv vore langrennstrenar. Han meiner Kristoffersens erfaring som toppidrettsutøvar, på godt og vondt, er nøkkelen til trenarsuksessen hennar.

– Marthe har fått oppleve motgang på sitt verste, mellom anna på stafetten i Liberec som ung jente. Eg har ikkje møtt ein utøvar på toppnivå som ikkje har møtt motgang og jobba seg gjennom det. Der trur eg Marthe har ei unik evne og erfaring og ta med seg, seier Aukland.

På pallen

Marthe Kristoffersens siste pallplass i verdscupen kom i Rybinsk i februar 2012.

Foto: TATYANA MAKEYEVA / Reuters

Allereie som 18-åring debuterte ho i verdscupen, og kort tid seinare var ho Noregs ankerkvinne på stafetten under VM i Liberec. Kristoffersen passerte ut i tet, men Noreg vart til slutt nummer fire etter at ho sprakk på dei siste 500 meterane.

Ho vart nummer seks i verdscupen totalt i 2011/2012-sesongen, men deretter gjekk det tyngre og tyngre for Kristoffersen som la opp i ein alder av berre 27 år.

Tøff og uredd

I vinter sette Kristoffersen seg i respekt i langrennsmiljøet då ho kravde forklaringar frå landslagsleiinga på kvifor utøvarane hennar ikkje vart tekne ut til verdscuprenn.

Marthe Kristoffersen jubler over gull i NM på Lygna

Kristoffersen har raskt fått tillit av eigne utøvarar og har bede om svar frå landslagsleiinga på uttak gjennom vinteren.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Marthe er som dei fleste andre, ho står opp og kjempar for utøvarane sine. Ho er tøff og er ikkje redd for å seie frå, men alltid på ein god måte, understrekar langrennssjef Espen Bjervig.

– Det å vere ein god trenar handlar om å vere ein som har tillit hos utøvarane. Det har Marthe opparbeidd seg. I auga mine kan ho vere trenar både for eit herrelag og eit damelag, seier Aukland.

Potensiell landslagstrenar

På regionlaget Innlandet har Kristoffersen ansvaret for tre kvinner og seks herrar. Sjølv seier ho at ho synest det er ei god blanding, og at ho trivst med å trene begge kjønn. Allereie etter eitt år med regionlaget vart ho nemnd som ein aktuell kandidat då Skiforbundet skulle finne ein ny assistent til elitelaget til kvinnene.

Den jobben gjekk i staden til Ola Vigen Hattestad, men fleire meiner Kristoffersen er ein perfekt framtidig kandidat.

– Eg er heilt sikker på at Marthe er ei kvinne for eit elitelag. Kanskje herrelaget kunne passa henne perfekt, det er litt opp til henne sjølv kva ho vil med det her. For ho er heilt klart sinnssjukt flink, seier Eirik Sverdrup Augdal, som har Kristoffersen som trenar på regionlaget.

Fredrik Aukland peikar på at han synest Kristoffersen er på rett plass no og treng erfaringa med utøvarar før ho blir landslagstrenar, men er klar på at Kristoffersen bør vere ein soleklar kandidat i framtida.

Fredrik Aukland

Fredrik Aukland har erfaring som juniorlandslagstrenar og sveitsisk landslagssjef og er full av lovord om sin tidlegare utøver.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

– Openbert. Ho er ein av dei Skiforbundet burde gripe fatt i og satse på som trenar for framtida, seier Aukland.

Også langrennssjefen stadfestar at Kristoffersen gjennom regionssatsinga er ein dei held tett dialog med og som dei håpar kan ta steget opp.

– Marthe er heilt klart ein aktuell kandidat for ein framtidig jobb i Skiforbundet viss ho ønskjer å halde fram, seier Bjervig.

Sjølv verken avviser eller stadfestar Kristoffersen at ho i framtida kan tenkje seg jobben som landslagstrenar.

– Eg vel å jobbe med det så lenge eg ser at det er utvikling og eg synest det er gøy. Og at folk ønskjer å ha hjelp av meg. Eg føler litt at eg er ferdig med karrieren min sjølv, så no gjer eg det berre fordi eg synest det er gøy og veldig spennande, så får vi sjå kor langt det går, seier Kristoffersen.

Siste nytt

  • Vålerenga-toget dundrer videre – slo byrival

    Vålerenga fortsatte storformen da de møtte Lyn til et vaskeekte byderby på Ullevaal stadion. Blåtrøyene dominerte kampen og vant 2-0 etter scoringer fra Olaug Tveten og Stine Ballisager Pedersen. Dermed forblir Vålerenga på toppen av tabellen med en luke på ni poeng ned til Rosenborg på 2.-plass.

    VIF
    Foto: NTB
  • To raske mål sikret Rosenborg-seier

    Det var lenge sjansefattig mellom Rosenborg og Brann i Trondheim, men plutselig smalt det i 2.-omgang. Emilie Joramo og Synnes Skinnes Hansen sørget for 2-0-ledelse i det 64. og 66. minutt, og gjestene klarte aldri å svare. Dermed er det nå ni poeng fra Rosenborg (2.-plass) til Brann (4.-plass).

    Rosenborg
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Ruud slo tilbake og tok seg videre til 4. runde

    Casper Ruud fikk en trøblete start mot sensasjonsmannen Zhang Zhizhen. Kineseren (nummer 71 i verden) brøt den aller første serven og vant førstesett 6-4, men så fant Ruud rytmen. 6-4 i andre sett ble fulgt opp med 6-1 i det tredje. I det fjerde settet sikret han plass i 4. runde av French Open med 6-4. I neste runde møter Ruud enten Nicolas Jarry eller Marcos Giron.

    Casper Ruud
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste