Blir heime i munnbind-protest
Den svensken radioduoen Torgny Mogren og Dag Malmqvist droppa å dra til ski-VM etter innføringa av munnbindplikt i kommentatorbua.
Radarparet har i ei årrekkje vore på plass i dei store skimeisterskapane for å gi Radiosportens lyttarar best mogleg kommentering. Planen var at dei òg skulle til Oberstdorf, men slik blir det ikkje.
Årsaka er kravet frå den tyske arrangøren om å bruke munnbind til ei kvar tid i VM-området. Også inne i kommentatorboksen.
– Det er vanskeleg å kommentere med munnbind. Ein får mindre luft, og det høyrest. Begge brukar briller, og det doggar uansett kva ein gjer. Det går ikkje, seier Malmqvist til Expressen.