Hopp til innhold

Blir førsteførar i Ford: – Dette blir ein heilt annan kvardag

Rallyførar Mads Østberg har brukt millionar og gjort alt sjølv. No blir han førsteførar i sjølvaste Ford og får nærast alt opp i fanget.

For første gang går Mads Østberg sesongen i møte i et fabrikk-team.

Se reportasjen om Mads Østberg her.

– Eg ser på dette som ei stor moglegheit for neste år. I år har vi jobba veldig hardt med å gjere det så bra vi kan i forhold til dei føresetnadene vi har hatt, seier Østberg til NRK.no.

Fram til no har Østberg og teamet hans måtte gjere alt sjølv. Alt frå drift av bil, testing til planleggjing av reiser. Likevel imponerte 25-åringen stort denne sesongen ved å sikre 4. plass samanlagt i årets VM. Samstundes sikra han fleire pallplassar gjennom sesongen.

Østberg vil gå inn i Qatar M-Sport World Rally Team, saman med kartlesar Jonas Andersson. Østberg skal køyre Ford Fiesta RS WRC. No ser Østberg fram til ein heilt annan kvardag.

– No er det ein klar plan. Det er eit team som driftar det. Vi blir ikkje involvert på same måte i det heile. Eg får ein plan i postkassa med kvar eg skal vere, og det blir ei mykje meir profesjonell satsing. Det gjer at ein får førebudd seg mykje betre til alle løpa, seier Østberg.

Satsinga til no har også vore av eiga lomme. Det blir det slutt på no.

– Det blir ei heilt anna verd. Vi har jobba ekstremt mykje for å komme dit vi er i dag og vi har brukt veldig mykje pengar. Vi er framleis avhengig av å ha sponsorar med oss, men det blir ein heilt annan kvardag no, seier han.

Mads Østberg i Finland

NYE UTFORDRINGAR: Mads Østberg får eit stort apparat rundt seg til neste år.

Foto: Pressefoto, Adapta WRT

Større forventningar

Den nye avtala innber mellom anna at Østberg får eit større team rundt seg, ein betre bil og tid til meir testing.

– Vi får trena og førebudd oss godt til kvart enkelt løp. Vi får sett opp bilen til kvart enkelt løp. Det er rett og slett mindre og tenkje på. Det eit stor og bra apparat rundt, som kan hjelpe til for å få alt optimalt til kvart løp, seier Østberg.

– Det gir meg vesentleg betre moglegheiter. Om det blir regn eller tørt har vi testa ut ulike ting. Du får ikkje overraskingar gjennom løpet. Det gjer at du er budd på alt som kan skje og du kan pushe hardt uansett korleis løpet er, seier han.

Samstundes vedgår 25-åringen at presset vil bli betydeleg større med Ford-avtala. Men det er ikkje rallyføraren nemneverdig redd for.

– No er det eit større apparat, og eg køyrer for ein fabrikk. Då er det viktig i gå gode resultat. Presset på å prestere blir vesentleg større, men det er noko eg trivst godt med, seier han.

– Dei ynskjer at vi skal ha moglegheit til å vinne løp og det må vi ta utgangspunkt i, legg han til.

– Ynskjer å vinne løp

Til neste sesong kjem det fleire nye lag. I tillegg er det usikkert om franskmannen Sebastien Loeb, som har vore suveren dei siste åra, blir med. Loeb har heile ni strake verdsmeisterskap.

– For min del er ikkje hovudfokus på å bli verdsmeister. Vi ser realistisk på det som skal skje. Vi ynskjer å vinne løp og stabilisere oss i toppen. Det har vi gjort forholdsvis bra i år, men vi må stabilisere oss endå høgare oppe. Det blir hovudfokus. Så får vi heller telje poeng undervegs å sjå om det er mogleg, seier han.

– Kven trur du blir verdsmeister?

– Det veit eg ikkje. Det er veldig vanskeleg å vite. Det er mange faktorar som spelar inn, seier han.

Petter Solberg

Rallykarriera til Petter Solberg kan vere over då han står utan kontrakt neste sesong.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Same dag som Østberg har sikra fabrikkavtala si, fryktar Petter Solberg at karriera kan vere over. 38-åringen står utan kontrakt neste sesong. Dermed kan Solberg komme til å måtte betale frå eiga lomme for å få køyre VM neste sesong, noko han har gjort dei siste åra.

– Eg er villeg til å køyre gratis, men ikkje betale. Eg har fått eit tilbod om å betale for å køyre, men har sagt nei takk, seier han til VG Nett.

Tidlegare denne månaden vart det klart at Solberg ikkje fekk kontrakt med Citroën. Mellom anna fordi Solberg braut ei rekkje løp. I tillegg sa fabrikken at dei heller ville satse på andre.

Allereie i januar går den første rallyrunden i 2013, nemleg Rally Monte Carlo.

Siste nytt

  • Hovland én under par på første runde

    Viktor Hovland startet Memorial-turneringen på PGA-touren på det jevne. Nordmannen fikk tre bogeys, men fire birdier, blant annet på siste hull, og endte den første runden ett slag under par. Da Hovland gikk i klubbhuset så lå han på en delt 14.-plass, men en rekke spillere er ikke ferdig. Han gikk runden sammen med verdensener Scottis Scheffler og Emiliano Grillo.

    Viktor Hovland
    Foto: AFP
  • Idrettsstyret snur etter feide med Antidoping Norge

    Styret i Norges idrettsforbund drar i bremsen og ber likevel ikke tinget stemme over å gi Antidoping Norge ansvaret for doms- og appellorganet i dopingsaker.

    I stedet besluttet idrettsstyret på sitt styremøte i Bergen torsdag å fremme et endringsforslag der det bes om tingets tilslutning til at styret fortsatt skal arbeide for etablering av en nasjonal antidopinglov, med etablering av en domsfunksjon i dopingsaker uavhengig av idretten og Antidoping Norge.

    Kulturdepartementet har overfor NIF varslet at et høringsutkast til en slik lov kan foreligge allerede våren 2024.

    Helomvendingen skjer få dager etter at Antidoping Norges styreleder Rune Andersen gikk hardt ut mot forslaget i et VG-intervju. Han ga det merkelapper som «radikalt» og «alvorlig for norsk idrett». (NTB)

    NIF valgkomite
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Carlsen-parti ferdig etter 12 minutter

    Magnus Carlsen spilte remis mot Hikaru Nakamura i 3. runde i Norway Chess torsdag. Langsjakkpartiet varte i bare 12 minutter.

    Spillerne får ett poeng hver. De skal møtes i armageddon om et ekstra halvpoeng.

    Partiet artet seg mer som et lynsjakkparti. Etter 31 trekk var det over. (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste