– Skilnaden gjev eit signal om at kvinnelege utøvarar er mindre verd. Likestillingslova gjeldt også for idretten, og regelen er klar. Det er ikkje lov å behandla menn og kvinner ulikt utan ein sakleg grunn. Eg kan ikkje sjå at Blinkfestivalen har ein sakleg grunn til det, seier avdelingsleiar i Likestillings- og diskrimineringsombodet (LOD), Elisabeth Lier Haugseth til NRK.
Det var under langløpet av Blinkfestivalen i Sandnes, at den samla premiepotten for herrane var 190.000 kroner. For kvinnene var den samla potten 50.000 kroner. Det fekk utøvarane til å reagera.
– Det er ein vanvitig skeivfordeling, sa Astrid Øyre Slind, som vart nummer to på distansen, bak svenske Britta Johansson Norgren.
- Bakgrunn:
Få deltakarar
I herreklassen stilte heile verdseliten i langløp, medan berre fire kvinner fullførte distansen. Arrangøren melder at pengepremiane vart bestemt før påmeldinga opna, og forklarar forskjellen i premiane slik.
– Det var første gong vi arrangerte langløp og vi valde å fokusera slik i år. I tillegg vart det bestemt, saman med NRK, at vi ikkje TV-produsert langløpet for kvinner. Då vart det mindre premiepengar der, seier pressesjef for Blinkfestivalen, Arne Idland.
NRK produserte ikkje kvinnenes langløp på TV, då ingen av landslagsløparane stilte på distansen.
I alle andre konkurransar under Blinkfestivalen var det like premiering, både på kvinner og menn.
No skal arrangøren sjå på saka, fram mot neste års arrangement.
– Det er ein nyttig diskusjon og vi håpar kvinneløpet skal bli like attraktivt som herranes. Når dei beste damene vel å gå langløpet, så skal vi behandle dei med like premiepengar som herrane, seier Idland.
Det håpar også Haugseth i LOD.
– Løpet er det same, så eg vil oppfordra Blinkfestivalen til å endra praksisen, seier ho.
Blinkfestivalen sette i år ny rekord, og nær to millionar følgde arrangementet frå TV-kroken.