Han er 45 år og 161 dagar gammal, og kaptein i den egyptiske troppen. I dag, sin landskamp nummer 159, fekk han sin VM-debut, og blei den eldste som gong har spela i eit VM.
Fire minutt før pause såg han ut til å bli dagens helt. På stillinga 1-0 mot Saudi-Arabia slo han eit straffespark i tverrliggaren og ut.
Det hjelpte berre så lite. Nesten fire minutt på overtid måtte han kapitulere for eit skot frå Salem Al-Dawsari. Dawsari plasserte ballen nede i hjørnet frå spiss vinkel, og Saudi-Arabia kunne juble for 2-1 og tredjeplass i gruppa.
– Vi spela ein stor kamp og fekk ein ærefull siger. I tillegg fekk eg æra av å score i eit sluttspel, sa Al-Dawsari.
Essam El-Hadry ville ikkje snakke om seg sjølv etter kampen, men han var lei seg for tapet.
– Eg beklagar overfor det egyptiske folket – ikkje berre for denne kampen, men for alle tre, sa han. Egypt har tapt alle sine tre VM-kampar, sa han i intervjuet etterpå.
Essam El-Hadry debuterte på landslaget i 1996. Det var året før lagkameraten Ramadan Sobhi blei fødd.
Sigeren er faktisk Saudi-Arabias første i VM sidan 1994. Etterpå har dei spela 12 VM-kampar utan siger. Fram til i dag.
Den fjerde som reddar straffe i debuten
Ifølgje statistikkstaden OptaJean er El-Hadary den fjerde keeperen som har redda straffe i sin VM-debut dei siste 52 åra.
Men han er ikkje den første i årets VM, det var Islands Hannes Thór Halldórsson mot Argentina 16. juni.
Men då Saudi-Arabia fekk sitt andre straffespark i første omgangs siste minutt, og etter det som må ha vore VMs lengste VAR-avbrot hittil, makta han ikkje å gjenta prestasjonen.
Dei arabiske naboane var allereie slått ut av VM, og hadde berre æra å kjempe for. Men jumbofinalen i gruppa blei innhaldsrik likevel.
Salah-scoring
Mohamed Salah gav Egypt leiinga midt i første omgang. Han fekk ei langpasning frå Abdallah El-Said og lobba elegant inn 1–0.
Rett etterpå burde Salah ha dobla på ein liknande sjanse, men lobben gjekk like utanfor.
I staden blei Saudi-Arabia tildelt straffe etter ein hands fem-seks minutt før pause – nokså ukontroversielt. Det var då 45-åringen i Egypts mål tok fram sitt beste og stoppa skotet. Straffa frå Fahrad Al Muwallad var hardt og nokså godt plassert,. Men El-Hadary har sett straffer før, og var på plass og redda.
Det er faktisk aller første gong ein afrikansk keeper reddar straffe i eit VM – inkludert straffesparkkonkurransar.
På overtid fekk Saudi-Arabia ny straffe etter trøyehalding inne i feltet. Denne var langt meir diskutabel. Dommaren dømde først straffe, men blei overtalt til å sjå videoopptaket. Det brukte han lang tid på, men stod til slutt fast på sitt.
Saudi-Arabia skifta skyttar. Salman Al-Faraj gjorde jobben sin, sende El-Hadary til den eine sida og ballen i den andre. 1–1 med siste spark på ballen før pause.
Det blei ingen straffer i andre omgang, men El-Hadary var tryggleiken sjølv langst bak hos Egypt.. Det såg ut til å halde til 1–1.
Men så var det altså fire minutt overtid. Den var det Saudi-Arabia som utnytta best.
PS: Colombias Faryd Mondragón var den hittil eldste i VM-historia. Han er også keeper, og var 43 år då han spela mot Japan i VM for fire år sidan.
Salah sender Egypt opp i ledelsen
Salah sender Egypt opp i ledelsen
0:20Salman får en sjanse for Saudi-Arabia
0:10Bommet på straffe
0:14Saudia-Arabia utligner på straffe
0:16Sjanse til Saudi-Arabia
0:12Al Burayk med en stor sjanse
0:08Saudi-Arabia får en scoring på overtid
0:19