Blackstenius stor i svensk bragd
Sverige slo USA med sensasjonelle 3-0 i sin første kamp i OLs fotballturnering.
Stina Blackstenius scora dei to første, etter 25 og 55 minutt. Lina Hurtig sette inn det tredje etter 72 minutt.
Det hjelpte ikkje USA at dei sette innpå sin stjernespelar Megan Rapinoe midt i andre omgang.
USA har vunne fire av dei seks kvinnefotball-turneringane som har vore i OL. I Rio i 2016 tapte dei i kvartfinalen, også då for Sverige, på straffer.
Fram til i dag hadde USA tapt berre ein OL-kamp i ordinær tid, 0-2 for Norge i 2008. Men då tok dei gullet likevel.