40-åringen, som no er tidenes mestvinnande vinterolympiar, fekk 1087 stemmer, og er vald inn saman med ishockeyspelar Hayley Wickenheiser som fekk 758 stemmer. Det skriv Norges idrettsforbund i ei pressemelding.
– Eg er litt overraska, men me har lagt litt jobb i dette. Det spesielle er at det er utøvarane som stemmer. OL har vore fantastisk for meg, sa Bjørndalen til NTB.
Fair play og antidoping er det skiskyttarkongen vil prioritera.
– Eg vil stå for utøvarane sine behov og det me ynskjer å få fram – fair play og ikkje minst ein dopingfri idrett. Då må me ha fleire testar for å få ein rein idrett. Det vert dei to viktigaste områda, sa Bjørndalen til NRK.no i fjor haust.
– Bjørndalen veit kva som fungerer i eit OL
Ådne Søndrål var den siste norske representanten i IOCs utøvarkomité, og satt i perioden 2002–2006. OL-meisteren på 1500-meter skøyter i Nagano i 1998 meiner valet av Bjørndalen er fornuftig.
– Ole Einar har lang erfaring som utøvar. Han har vore med i mange OL og veit kva som skal til for at eit OL skal fungera for ein utøvar, seier Søndrål til NRK.no.
Hallingdølen fortel at det er ei stor oppgåve å famna om så mange land, kontinent og dei mange ulike måtane å sjå verda på.
– Du brukar litt tid på å forstå korleis det fungerer, men så får du ein ganske stor respekt for at verda er meir enn Noreg.
Rekord i stemmegjeving
Valet vart gjennomført under vinterleikane, og 81 prosent av OL-deltakarane gav si stemme, noko som er rekord.
– Dette er ein stor og stolt dag for norsk idrett. Bjørndalen er ein utøvar som verkeleg har idretten i sitt hjarte. Me er overtydde om at han vil bidra med all si fantastiske erfaring til å utvikla internasjonal idrett i rett retning, uttala NIFs generalsekretær Inge Andersen.
– Utøvarane er hjartet av eit OL, og vår komité er ei viktig stemme når IOC skal ta avgjersler. Under leikane lyttar våre medlemmer til utøvarane sine bekymringar og meiningar, seier komitéleiar Claudia Bokel.
Bokel påpeikar at periodane utanom OL også er viktige.
– Me prøvar å gje utøvarane best mogleg støtte, som til dømes når dei skal i gang med ein karriere etter å ha lagt opp som utøvarar. Eg er sikker på at våre to nye kollegaer vil gje eit viktig bidrag til vårt arbeid.
Vald inn for åtte år
Bjørndalen og Wickenheiser erstattar den kanadiske langrennsløparen Rebecca Scott og den finske ishockeyspelaren Saku Koivu, og er vald inn for ein åtteårsperiode.
Dei vert formelt medlemmar av IOC under avslutningsseremonien i Sotsji 23. februar.
Utøvarkomiteen består i dag av 22 utøvarar som anten har lagt opp eller er aktive.