Bjørndalen trur han er ferdig med Kina
Ole Einar Bjørndalen har vore Kinas landslagssjef i skiskyting sidan 2019. Til TV 2 seier han at han reknar seg ferdig med jobben etter at kontrakten gjekk ut.
I midten av mars leverte han ei skriftleg evaluering etter ein OL-sesong som ikkje gjekk etter planen. Der ramsa han opp det som må endrast dersom Kina skal kunne utvikle seg som skiskyttarnasjon, men sidan har han ikkje høyrt noko.
– Dei svarer ikkje på evalueringa, og det er litt overraskande etter snart to månader, seier han til TV 2.
Kontrakten hans gjekk ut i mars.
Han seier at han i utgangspunktet var interessert i å halde fram, men svarer bekreftande på TV 2s spørsmål om han no reknar seg som ferdig med jobben i Kina.
– Ja, eg gjer eigentleg det. Eg har ikkje fått noka tilbakemelding frå Kina og ikkje vore i nokon dialog sidan midten av mars. Det verkar som dei har nok å stri med, så frå mi side ser det ut som eg er ferdig.