- Eg går aldri renn utan å vere frisk, anten det gjeld forkjøling, feber eller hovudverk, seier han til NRK.
VM for skiskyttarane i Hochfilzen tek til 5.mars, og det er det som er det store målet for Bjørndalen i vinter. Han er favoritt til å bli medaljegrossisten i det meisterskapet. Det vil han ikkje setje i fare. Derfor er han ekstra på vakt no.
- Eg har ingenting i VM å gjere, korkje her i Oberstdorf eller i Hochfilzen seinare, om eg ikkje er hundre prosent frisk, seier Bjørndalen.