Hopp til innhold

Svendsen snytte Bjørndalen for sigeren for andre dag på rad

I går var Emil Hegle Svendsen 0,4 sekund betre enn Ole Einar Bjørndalen på sprinten. Laurdag var trønderen iskald då veteranen feila på siste skyting.

Ole Einar Bjørndalen bommet to ganger på siste skyting og dermed gjorde jobben enkel for Emil Hegle Svendsen som skjøt ned alle blinkene. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith, Harald Hanevold og Ola Lunde

Emil Hegle Svendsen var iskald på fjerde og siste skyting under jaktstarten i Oberhof. Ole Einar Bjørndalen måtte ut i to strafferunder, og blei henvist til andreplassen.

– Eg fekk med meg at Ole fekk problem utover i serien og stoppa opp. Då eg starta å skyte prøvde eg å ha fokus på meg sjølv, og den planen fungerte bra, seier Emil Hegle Svendsen til NRK etter sigeren.

Hegle Svendsen

Emil Hegle Svendsen har akkurat skutt fullt på siste skyting. Martin Fourcade like bak bomma éin gong på skytinga og gjekk inn til tredjeplass.

Foto: ROBERT MICHAEL / Afp

– Ikkje noko god oppleving

Før siste skyting låg det derimot an til at Ole Einar Bjørndalen ville ta sin første verdscupsiger på snart to år.

Veteranen, som blir 40 år seinare i januar, hadde skote tre fulle hus og låg 10 sekund føre Hegle Svendsen. På siste skyting gjekk det derimot ikkje som planlagt:

Bjørndalen starta godt med to treff, før det blei bom på skot tre og fire. Hegle Svendsen glei inn til siste skyting like bak 39-åringen, og klinka alle fem blinkane rett ned.

– Eg blei litt uroleg etter to skot og klarte ikkje å få alle ned. Det var ikkje noko god oppleving, fortel Bjørndalen.

Ser at «gammer'n» er i form

Hegle Svendsen fortel på si side at han òg blei uroleg undervegs på den siste ståande skytinga.

– Eg har ikkje full kontroll på skytinga, og merkar at eg skjelv litt. Men eg klarte akkurat å halde meg innanfor og eg fekk ned blinkane. Det er eg sjølvsagt dritfornøgd med, seier Hegle Svendsen.

Bjørndalen og Svendsen

Fredag var Emil Hegle Svendsen (bak) raskast i sporet, og gjekk til siger 0,4 sekund før Ole Einar Bjørndalen. Laurdag var trønderen kaldast på siste skyting.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Han bomma éin gong på første skyting, men med tre fulle hus gjekk han i einsam majestet over målstreken.

– Det var kjempedeilig, men det var eit blytungt løp. Løypa var såpass skiten og jævlig, men eg jobba bra og det lønner seg, slår 28-åringen fast.

Bjørndalen på si side heldt unna for Fourcade og glei i mål 35,6 sekund bak vinnaren.

– Han var råsterk på dei første tre seriane, og er tydelegvis i form. Eg klarte heller ikkje å ta inn så mykje i sporet. Så «gammer'n» er i form, seier ein humørfylt Hegle Svendsen.

Han snytte Bjørndalen for sigeren for andre dag på rad. I går spurta han inn til siger, 0,4 sekund framfor konkurrenten og lagkameraten.

Sven Fischer

Emil Hegle Svendsen tangerte tyske Sven Fischer i talet på verdscupsigrar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Berre Poirée og Bjørndalen framfor

Resultatlista var prikklik resultatlista frå sprinten fredag. Då bomma både Hegle Svendsen og Bjørndalen to gonger kvar, men yngstemann av dei to var hakket vassare i sporet .

Sigeren fredag blei Emil Hegle Svendsen sin 32. verdscupsiger. Sigeren laurdag blei nummer 33.

Det gjer at Hegle Svendsen no er på delt tredjeplass i talet på flest verdscupsigrar. Han er no likt med den tyske legenda Sven Fischer. Berre Raphael Poirée (59) og Ole Einar Bjørndalen (93+1) er framfor.

I årets verdscup er Hegle Svendsen på andreplass, no 18 poeng bak Fourcade med 132 poeng. Anton Shipulin er på tredjeplass, medan Johannes Thingnes Bøe og Ole Einar Bjørndalen er på fjerde- og femteplass.

I jaktstarten laurdag enda Johannes Thingnes Bøe enda på sjetteplass, medan storebror Tarjei Bøe gjekk inn 13. plass. Henrik L'Abee-Lund kom på 29. plass, Vetle Sjåstad Christiansen nummer 36.

Emil Hegle Svendsen skjøt fullt hus på siste skyting og gikk forbi Ole Einar Bjørndalen, dermed sikret han også seieren. Kommentatorer: Andreas Stabrun Smith, Harald Hanevold og Ola Lunde

Emil Hegle Svendsen gjekk i mål 35,6 sekund framfor lagkamerat og konkurrent Ole Einar Bjørndalen.

Siste nytt

  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Milliardforlik i saken med overgrepsdømt turnlege

    Amerikanske myndigheter har inngått et forlik på nærmere 140 millioner dollar med ofrene for den overgrepsdømte turnlegen Larry Nassar.

    Justisdepartementet betaler i forliket et beløp tilsvarende rundt 1,5 milliarder norske kroner i forbindelse med krav fra 139 personer. Disse har beskyldt FBI for grov feilhåndtering av overgrepsbeskyldningene mot legen i 2015 og 2016. Justisdepartementet har vedgått svikt.

    Inkludert det siste forliket er det satt av rundt 1 milliard dollar av ulike instanser for å gi kompensasjon til flere hundre utøvere som Nassar
    skal ha foregrepet seg på under dekke av å behandle dem for idrettsskader.

    – Forliket vil ikke gjøre opp for den skaden som Nassar gjorde, men vi håper at det skal gi ofrene for ugjerningene hans noe av den viktige støtten de trenger for å fortsette legingen, sier fungerende visejustisminister Benjamin Mizer.

    I 2017 erkjente Nassar straffskyld for å ha misbrukt ti jenter. Den tidligere landslagslegen soner en fengselsstraff på inntil 175 år. (NTB)

    mn1xUzO0GqM
    Foto: Reuters
  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal