– Det var frykteleg tungt i dag. Eg hadde veldig gode ski, men fysisk var det ingen god dag, seier ein litt forarga 40-åring til NRK etter tredjeplassen.
Løpet blei vunne av Anton Shipulin, medan Bjørn Ferry blei nummer to 8,6 sekund bak. Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til tredjeplass 27,4 sekund bak Shipulin.
På sprinten torsdag var det Ferry som var sterkast, følgt av Shipulin. Bjørndalen blei nummer seks.
– Det var langt betre fysisk på torsdag, men skytinga var bra i dag. Eg var på hogget og hadde kontroll, men var for sliten i kroppen, fortel Bjørndalen.
- Les også:
- Les også:
Jaga tysk motstand
I tillegg til Ferry og Shipulin var det tre mann framfor Bjørndalen ut på jaktstarten laurdag. I tillegg følgde Martin Fourcade like bak.
Bjørndalen starta 17 sekund bak Ferry, men inn til første skyting hadde superveteranen henta inn nokre små sekund. Så følgde han opp med fem blinkar rett ned.
Nordmannen gjekk ut som nummer to, 9,8 sekund bak tyske Arnd Peiffer.
40-åringen kom inn til andre skyting saman med seks andre mann, berre Peiffer var framfor. Det blei derimot éin strafferunde ut frå andre skyting, og Bjørndalen veksla som nummer fire.
– Eg hadde éin bom på liggande som eg såg var grov, seier Bjørndalen.
Iskald på tredje, men ...
Bjørndalen hadde ikkje ein optimal dag i sporet og hadde tapt litt inn til tredje skyting. På sjølve skytinga var han derimot iskald.
Med fullt hus veksla han som nummer tre, berre to russarar Shipulin og Dmitry Malyshko var framfor. Bjørn Ferry gjekk ut like bak Bjørndalen.
Før fjerde skyting hadde svensken henta inn Bjørndalen, og på siste skyting var han også hakket betre.
Medan Ferry og Shipulin skaut fullt, måtte Bjørndalen ut i éin strafferunde. Malyshko bomma derimot to gonger.
– Eg var litt sløv på eitt skot, slår 40-åringen fast.
I mål var Bjørndalen 13,6 sekund framfor Malyshko, trass i at russaren hadde gått ut berre 3,8 sekund bak etter siste skyting.
– Ikkje god opplading
Etter løpet var ikkje Bjørndalen sur, men han var sliten.
– Eg var veldig trøytt etter å ha sove dårleg i det siste. Det har ikkje vore ei god opplading. Det eg gjer på standplass er derimot veldig bra, eg er i veldig god skyteform. Eg veit kva eg skal gjere heile tida, seier han til NRK.
Trass i litt misnøye med at det fysiske ikkje var optimalt, seier Bjørndalen at tredjeplass er veldig fint.
– Eg er godt fornøgd med det, fortel han.
No håper Bjørndalen at han får sove skikkeleg før fellesstarten søndag.
På jaktstarten laurdag blei Emil Hegle Svendsen nest beste nordmann på 19.-plass, 2:23,8 bak. Tarjei Bøe blei nummer 23, medan Johannes Thingnes Bøe blei nummer 27.