– Eg er overbevist om at eg kan lære frykteleg mykje meir av Martin.
Dei beste har det med å lære av dei beste. Da 42-år gamle Ole Einar Bjørndalen fortalde at han ville fortsette to år til grunna han det med stor motivasjon. Ein motivasjon han mellom anna får av å lære frå verdas beste langrennsløpar.
Har tatt langrenn vidare
– Bjørn Dæhlie var det største førebilete mitt som ung utøvar og er ein av dei framleis, men Martin har tatt langrenn enda eit steg vidare enn det Bjørn gjorde, meiner Bjørndalen.
Bjørn Dæhlie er tidenes nest mestvinnande vinterolympier, med berre ein bronsemedalje mindre i medaljesamlinga frå OL enn Bjørndalen. Martin Johnsrud Sundby har ennå ikkje vunne eit individuelt meisterskapsgull. Men det er ikkje resultata som gjer at Bjørndalen meiner at Sundby har passert Dæhlie.
– For min del har Martin klatra forbi Bjørn. Ikkje resultatmessig men prestasjonsmessig, seier Bjørndalen og tenkjer på korleis Sundby har utvikla langrennssporten.
Sundby er inne i verdsklassedivisjonen
Audun Svartdal har fylgd både Bjørndalen og Sundby tett gjennom mange år. På 90-talet var han landslagstrenar i skiskyting da skiskyttarkongen slo igjennom. I seinare år har han blitt hyra inn av dei begge for å fylgje dei opp på teknikktrening.
– Felles for dei to er at dei heile tida søkjer utvikling. Kvar gong dei kjem i mål, sjølv om dei har vunne er det fyrste dei tenkjer på, korleis dei kan gjere det betre. Det er få som er på det nivået.
Like tett har han aldri vore på Bjørn Dæhlie. Han synest derfor det er vanskeleg å samanlikne dei to objektivt.
– Det er vanskeleg å rangere utøvarar frå forskjellige tidsepokar opp mot kvarande, eg vil heller putte dei inn i divisjonar. Og i den øvste divisjonen som eg vil kalle verdsklasse, er det ingen tvil om at Martin har kome inn i år.
NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland er einig.
– Dei to er begge blant dei største skiløparane me har sett. Men da Dæhlie konkurrerte gjekk ein langt færre renn og verdscupen såg heilt annleis ut, derfor er det vanskeleg å samanlikne.
Vektvest og mølletrening
Svartdal nemner spesielt to grep Sundby har gjort på trening som viser korleis han har utvikla langrennstreninga.
– Martin har sprengt nye grenser for kor gjennomtrent ein langrennsløpar kan vere. Han har jobba mykje med korleis ein kan behalde teknikken når ein blir sliten, der han har utvikla treninga med store mengder trening på mølle og skigåing med vektvest, fortel Svartdal.
Martin Johnsrud Sundby har ikkje svart på NRKs førespurnadar i dag.