Dei ti siste sesongane har skiskyttar-kongen trena i høgda før store meisterskap. Men i vinter skal han delta på så mange renn at han ikkje har tid.
Nettradio:
- Løpa kjem så tett at eg ikkje maktar å restituere meg etter eit høgdeopphald. Derfor har eg bestem meg for å trene i låglandet før VM i Sverige, seier han til NRK.
Men i år vil han vinne verdscupen og i tillegg helst vinne alt i VM i Östersund midt i februar, der han har tre gull å forsvare. Då blir det ikkje tid til høgdeopphald.
Tek ein sjanse
- Eg veit eg tek ein sjanse. Men eg veit at eg må skyte godt for å vinne. Det held ikkje å vere i god fysisk form. Derfor går eg for å skyte maksimalt, og i verste fall la det gå litt ut over det fysiske, seier Bjørndalen.
I kveld går han siste etappen på det norske laget i verdscupen i Ruhpolding. Du kan følgje stafetten på NRK2 og nrksport.no frå kl 17.10.