Bjørndalen skal bere det norske flagget

Først skal han avslutte med herrestafett seinare i dag laurdag, men søndag går Ole Einar Bjørndalen fremst under avslutningsseremonien. Tidenes vinterolympiar skal bere det norske flagget.

Ole Einar Bjørndalen

Ole Einar Bjørndalen blir Noreg sin flaggberar under avslutningsseremonien søndag kveld. Her poserer han med sine to OL-gull så langt i Sotsji. Laurdag kan det bli medalje nummer tre på stafetten.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det er ei stor ære å bli spurt om å bere flagget. Sidan dette er mitt siste OL blir det heilt spesielt å avslutte OL-karrieren med å bere flagget framfor den norske troppen, seier Ole Einar Bjørndalen via den norske delegasjonen i Sotsji.

Bjørndalen fekk spørsmål om å vere flaggberar allereie under opningsseremonien fredag 7. februar, men takka nei fordi han skulle førebu seg på best mogleg vis til skiskyttarsprinten laurdag.

Dagen etter opningsseremonien tok han sitt sjuande OL-gull då han vann nettopp sprinten. Etter gull nummer to på mixed-stafetten blei han tidenes vinterolympiar.

No skal han altså gå fremst med det norske flagget under avslutningsseremonien søndag.

Tore Øvrebø

Tore Øvrebø sparar ikkje på superlativa når han omtalar Bjørndalen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Vemodig og flott

Bjørndalen har delteke i seks OL frå 1994 og fram til Sotsji i 2014. I dag laurdag avsluttar han OL-karrieren med skiskyttarstafett.

– Eg har vore stolt av å få representere Noreg i seks OL, og har utruleg mange gode minne som norsk OL-deltakar. Det blir nok både vemodig og flott å avslutte OL-karrieren på denne måten, seier 40-åringen, som torsdag blei vald inn i IOC.

Toppidrettssjef Tore Øvrebø slit ikkje med å finne superlativ når han omtalar Bjørndalen, og er glad for at det er superveteranen som skal vere flaggberar.

– Den norske OL-troppen hadde ein flott representant i Aksel Lund Svindal som flaggberar under innmarsjen. Dette flotte OL, sett med norske auge, blir avslutta med Ole Einar Bjørndalen som flaggberar, seier Øvrebø.

Han meiner Bjørndalen har gjennomført eit eventyr av eit OL, og Øvrebø gler seg over at skiskyttaren blei vald inn i IOC som utøvarrepresentant.

– Ole Einar er ein uendeleg god representant for norsk toppidrett og det blir ei ære å gå bak han på avslutningsseremonien, avsluttar Øvrebø.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Skiskyting menn, 4x7,5 km stafett» i nytt vindu

Siste nytt

  • Løypene saltes

    Varmen og snøforholdene har mildt sagt vært et hett tema den første uka i Oberstdorf.

    Under torsdagens sprint med tidlig start, ble løypene saltet under prepareringen natten før. Det er ikke meldt like varmt i dag som de foregående dagene, men gradestokken er uansett på plussiden.

    Derfor er løypemannskapet nå i full gang med å laste salt på biler og snøskutere for å få ut i løypa før kvinnenes skiathlon som begynner 11.45.

    Med skibytte både hos kvinnene og herrene, blir det med andre ord en svært travel dag for smørerne i Oberstdorf i dag.

    Salting
    Foto: NRK
  • Kvadruppel bogey øydela for Hovland

    På 17 hol storspela Viktor Hovland i golfturneringa i Florida, og var på veg mot det heilt store. Då hadde han sju under par, inkludert fem strake birdiar, og åtte under par samanlagt etter to dagar. Han låg på sjetteplass.

    Men på det siste holet møtte han veggen. Han brukte åtte slag på par 4-holet, ein kvadruppel bogey. Sju under par blei til tre under for dagen.

    Han var likevel på 15-plass då han var ferdig med runden, men ikkje alle konkurrentane var ferdige.

  • Birkebeinerrennet avlyst også i år

    Også i år er Birkebeinerrennt avlyst på grunn av korona og smittefrykt.

    Arrangørane melder at restriksjonanen gjorde det umogeleg å arrangere det tradisjonsrike rennet frå Rena til Lillehammer. Det skulle ha gått 20. mars.

    – Det er trist å bli tvinga til å avlyse for andre år på rad, seier dagleg leiar Eirik Torbjørnsen.

    Eliteløparane som skulle delteke, får eit erstatningsrenn ved Åre i Sverige.

    Birkebeinerrennet 2016
    Foto: Geir Olsen/BIRKEN

Sendeplan

Kl. Program Kanal