Hopp til innhold

«Kongen» banka unggutta: – Artigare no når det blir sjeldnare for kvar gong

SJUSJØEN/OSLO (NRK.no): Laurdag skaut han best, men blei banka i sporet og henvist til andreplass av Emil Hegle Svendsen. Søndag blei det ein solid siger for Ole Einar Bjørndalen.

Ole Einar Bjørndalen avgjorde på siste skyting og gikk inn til sesongens første seier på dagens fellesstart, foran Vetle Sjåstad Christiansen og Lars Berger.

Ole Einar Bjørndalen gjekk frå Vetle Sjåstad Christiansen og tok førsteplassen på Sjusjøen søndag.

Det var derimot Tarjei Bø, som stod over sprinten laurdag, som lenge var i føringa. På siste skyting blei det heilsprekk med tre bom for eldstebror Bø. Bomme gjorde nær alle andre òg, men 39 år gamle Ole Einar Bjørndalen slo til med fullt hus.

Sjåstad Christiansen, Bjørndalen og Berger

Vetle Sjåstad Christiansen, Ole Einar Bjørndalen og Lars Berger tok høvesvis andre-, første- og tredjeplass under fellesstarten søndag i opningshelga i Sjusjøen.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

Den einaste som følgde opp like bak var Vetle Sjåstad Christiansen. 21-åringen gjekk ut om lag tre sekund bak Bjørndalen.

Bak følgde eit koppel av nordmenn, men i den siste runden var «kongen» av skiskyting best. Med eit lett lite rykk hoppa han nokre meter framfor Sjåstad Christiansen, og gjekk åleine over målstreken.

Lars Berger og Emil Hegle Svendsen gjekk ein lynrask sisterunde, men Sjåstad Christiansen heldt unna og tok andreplassen 4,9 sekund bak Bjørndalen.

Berger spurta frå Hegle Svendsen og tok tredjeplassen 6,7 sekund bak.

Saka held fram under videoen.

Ole Einar Bjørndalen avgjorde dagens fellesstart til sin favør på siste skyting.

Ole Einar Bjørndalen avgjorde på den fjerde og siste skytinga.

Måtte hente inn forsprang

Laurdag skaut Bjørndalen feilfritt, men blei slått av ein lynrask Hegle Svendsen.

– Eg burde tatt Emil i dag, men han går fort og var på hogget. Eg får prøve igjen i morgon, konkluderte 39-åringen i prat med NRK laurdag.

Bjørndalen

Ole Einar Bjørndalen var best under fellesstarten på Sjusjøen søndag.

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

Etter sigeren søndag fortel superveteranen at han var heilt daud og ikkje hadde noko å gå med dagen før.

– I dag hadde eg ein heilt annan energi. Eg gjekk billeg heile vegen og kunne svare på rykka.

Det starta derimot tøft for Bjørndalen som blei liggande bak etter éin bom på første skyting.

– Bommen gjorde at eg måtte køyre hardt for å ta inn forspranget. Det blei langt fram, men løypa her gjer at det er mogleg å køyre inn, sa Bjørndalen til NRK etter løpet.

Ekstra kjekt som veteran

Utover i konkurransen var derimot 39-åringen solid på både standplass og i sporet, og gjekk til slutt i einsam triumf over målstreken.

– Skytinga var veldig bra i dag, sjølv om eg var litt sløv på liggande. Eg er heller ikkje spesielt sliten når eg kjem i mål. Det er litt opp og ned, og no håper eg dette held ei god stund, sa Bjørndalen.

– Er det like moro å vinne no som i starten av karrieren?, fekk Bjørndalen spørsmål om.

– Det er meir artig no når det blir sjeldnare for kvar gong, flira søndagens sigersherre.

Saka held fram under videoen.

Intervju med Ole Einar Bjørndalen om dagens seier i fellesstarten på Sjusjøen.

Sikra tredjeplass etter monsteravslutning

Det var sju nordmenn blant dei 10 beste på fellesstarten. Norske utøvarar tok også dei fire øvste plassane. Litt overraskande var det Lars Berger som sklei inn til tredjeplass.

Lars Berger

Enn så lenge er ikkje Lars Berger i norsk landslagsdrakt.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det artigaste var å skyte null på siste. Då får eg eit kick som varer heile sisterunden, sa Berger etter tredjeplassen.

Han bomma fire gonger, men eit monster av ei sisterunde gjorde at han nesten tok igjen både Sjåstad Christiansen og Bjørndalen.

– Eg hadde først ei gruppe rett framfor meg, så det var inspirerande å ta innpå. Det var ikkje så knallhardt.

Berger står utanfor landslaget denne sesongen , og gjekk i blå drakt på Sjusjøen. No håper han på oppløftande meldingar frå landslagsleiinga.

– Eg håper å få telefonen i kveld, og så får vi sjå kva dei seier. Men eg fryktar det verste, fortalde Berger.

Landslagstrenar Espen Nordby Andersen var ordknapp:

– Det er veldig hyggeleg at både Lars og Aleksander (Os) er «back in business». Vi må setje oss ned og få kabalen til å gå opp, men vi har ikkje noko svar no.

NB! Fjorårsvinnaren i verdscupen, Martin Fourcade, hadde ein forferdeleg dag på fellesstarten. Før den tredje skytinga mista han magasinet og måtte lade éin og éin patron. Sjølve skytinga var også dårleg, ifølgje NRK-ekspert Ola Lunde. På veg ut av matta snudde franskmannen seg og såg oppgitt på trenaren. Etter tredje skyting låg han 1,59 minutt bak teten, og før fjerde skyting braut franskmannen.

Saka held fram under videoen.

Lars Berger gikk en imponerende sisterunde og kapret tredjeplassen på dagens fellesstart.
Intervju: Dag Erik Pedersen

Lars Berger var fornøgd med tredjeplassen.

Resultat fellesstart søndag:

1) Ole Einar Bjørndalen, Noreg 38.36,3 (2)
2) Vetle Sjåstad Christiansen, Noreg 0.04,9 (2)
3) Lars Berger, Noreg 0.06,7 (4)
4) Emil Hegle Svendsen, Noreg 0.07,0 (3)
5) Arnd Peiffer, Tyskland 0.12,3 (2)
6) Simon Desthieux, Frankrike 0.15,4 (3)
7) Johannes Thingnes Bø, Noreg 0.18,0 (3)
8) Lars Helge Birkeland, Noreg 0.19,9 (3)
9) Erlend Øvereng Bjøntegaard, Noreg 0.25,3 (3)
10) Florian Graf, Tyskland 0.27,6 (3).

Siste nytt

  • Sjansesløsing da HamKam og Lillestrøm delte poengene

    Verken HamKam eller Lillestrøm fikk ballen i mål i mandagens eliteseriekamp på Briskeby. Hedmarkingene står uten seier på sine fem siste seriekamper.

    HamKam kom til mandagens hjemmekamp med fire strake serietap i bagasjen. Lillestrøm på sin side tapte nylig cupfinalen mot Brann. På Briskeby var det nok av sjanser, men ingen av lagene greide å sette ballen i nettmaskene. (NTB)

    Eliteserien 2023: HamKam - Lillestrøm
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Ohi-mål og Evjen-assist mot Nordsjælland

    Ohi Omoijuanfo markerte seg med scoring og Håkon Evjen med assist da Brøndby vant 5-1 hjemme over Nordsjælland i det danske sluttspillet mandag kveld.

    Resultatet førte til at Brøndbys erkerival FC København er seriemester en runde før slutt.

    Ohi sendte vertene i ledelsen allerede etter to minutter, og Mathias Kvistgaarden økte til 2-0 midtveis i første omgang. Fire minutter etter pause satte dansken inn sitt andre mål for kvelden etter å ha blitt spilt opp av Evjen. (NTB)

    Fotball, privatlandskamp: Irland - Norge (1-2)
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Stabæk med to utvisninger i seier over VIF

    Stabæk påførte Vålerenga 2-1-tap på Nadderud i Eliteserien mandag. Videodømming ble tatt i bruk tre ganger og resulterte i et omdiskutert mål og to utvisninger

    Kasper Høgh sendte Stabæk i føringen da han styrte ballen i mål ved bakerste stolpe etter åtte minutter. Drøyt ti minutter før hvilen doblet Høghs spissmakker Mushaga Bakenga ledelsen. Bildene i etterkant viste at 30-åringens brukte hånden da han dempet ballen. Det ble gjort en VAR-sjekk, men målet ble likevel stående.

    Fem minutter etter pause traff Stabæk-kaptein Fredrik Krogstad beinet til Seedy Jatta. Dommeren delte først ut det gule kortet, men etter å ha sett situasjonen på VAR-monitoren ble det omgjort til rødt.

    Ti minutter før slutt fikk også Tobias Pachonik rødt kort for en hands i feltet.

    Stefan Strandberg reduserte fra straffemerket for gjestene, men VIF greide aldri å fullførte opphentingen, skriver NTB.

    Eliteserien 2023: Stabæk - Vålerenga (runde 8)
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste