195 cm høge Bjørn Maars Johnsen: – Vil helst ha ballen langs bakken

Men Hearts-spelaren lovar å spele slik landslagssjefen ønskjer å bruke han.

Bjørn Maars Johnsen og Stefan Johansen

JOHNSEN OG JOHANSEN: Bjørn Maars Johnsen møtte sine nye landslagskameratar på treninga i dag, blant dei Stefan Johansen

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Det er stort for meg og familien at eg blir teken ut på det norske landslaget. Eg nyt kvar einaste stund, seier Bjørn Maars Johnsen til NRK.

Han har norsk far og amerikansk mor, er fødd i New York og oppvaksen i North Carolina. Han spelar for Hearts i Skottland.

Men han har lov å spele for Norge, og den sjansen tok han imot då landslagssjef Lars Lagerbäck ringde.

– Eg kan kanskje tilby laget litt ekstra, ikkje minst ekstra høgde, smiler den 195 centimeter høge angrepsspelaren. – I løpet av dei neste dagane vil nok Lars fortelje korleis han tenkjer å bruke meg.

Video: – Eg spelar som Lars vil

Bjørn Maars Johnsen er Norges mest ukjente landslagsspiller i fotball. Og til tross for en litt kronglete vei til landslaget; lagkameratene er imponerte over det de har sett.

Vil ha ballen langs bakken

Første dagen på landslagssamling framfor kampane mot Tsjekkia laurdag og Sverige tysdag har han framleis ikkje møtt alle sine nye lagkameratar.

– Det kjem eg til å gjere seinare i dag, seier han.

Nokon av lagkameratane har han likevel kjennskap til før, og dei veit om Johnsen. Ohi Omoijuanfo og Johnsen er gamle kjende, og Fulhams Stefan Johansen kjenner også til Johnsen frå skotsk fotball.

– Men det er eg van med. På klubbnivå er det stadig nye folk, iallfall frå ein sesong til ein annan, seier Johnsen, som har blitt samanlikna med Tore Andre Flo.

– Men min spelestil er likevel å spele med føtene langs bakken. Det er det eg likar best. Men det er Lars som bestemmer, seier Johnsen lojalt.

Han trur på ei lys framtid for det norske landslaget, og meiner det er mange nye som er på veg oppover. Han nemner Mats Møller Dæhli og Joshua King.

– Eg vil også pushe meg sjølv inn på det laget der, og håpar å spele saman med dei.

Uviss framtid i Hearts

Bjørn Maars Johnsen er meir usikker på si eiga klubbframtid.

– Nei, der er eg usikker. Det er store endringar i Hearts no. Eg har stortrivest i Hearts, men veit ikkje kva som vil skje. Eg håpar det snart blir avklara om eg skal halde fram i Hearts eller må finne ny klubb.

– Er det interesse frå andre klubbar?

– Ja, men eg er ikkje sikker på om dei interesserte klubbane er dei rette for meg. Eg vil nok ta den avgjerda når landskampane er over. Det er dei som er i fokus no, seier Bjørn Maars Johnsen.

Siste nytt

  • Kombinertlaget fast i heisen

    Halve kombinertlandslaget sit fast i ein stolheis på andre timen i 3200 meter over havet i Val Senales i Italia.

    – Det er tåke, tidvis sterk vind og kaldt, skriv Jørgen Graabak på twitter.

    – Men hjelp er heldigvis på veg, legg han til.

    Laster Twitter-innhold
  • Joshua King avbrøt trening

    Angriper Joshua King avbrøt dagens landslagstrening på Ullevaal stadion etter omlag 15 minutter. Han var med på deler av oppvarmingen før han tok en kjapp prat med sportssjef Nils Johan Semb. – Men han er klar til kamp i morgen, sa landslagssjef Lars Lagerbäck etter treninga. Norge møter Bulgaria i nasjonsligaen tirsdag kveld.

    EM-KVALIFISERING FOTBALL
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • Heidi Løke returnerer til Larvik

    Heidi Løke forlater Storhamar etter denne sesongen, og vender tilbake til gamleklubben Larvik.– Larvik betyr utrolig mye for meg. Dette blir den tredje perioden min i klubben. Jeg ønsker å avslutte karrieren her, sier Løke til Østlandsposten.

    Heidi Løke
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag