NRK Meny
Normal

Bjørgen: – Det begynner å bli tungt å ta på sokkar og sko

ULLEVAAL (NRK): Marit Bjørgen er sju månader på veg, men trenar framleis 15 timar i veka. Nå er det største problemet å få på seg sko og sokkar om morgonen.

Bjørgen på kickoff

GOD FORM: Marit Bjørgen viste seg med ein stadig veksande mage på Skiforbundets kickoff, der ho blei intervjua av Bård Tufte Johansen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg kjenner meg ikkje akkurat som ein toppidrettsutøvar når det begynner å bli tungt å ta på sokkar og sko, seier Marit Bjørgen med eit smil.

Ho er sju månader på veg og er i motsetning til alle utøvarane rundt på Skiforbundets vinter-kickoff ikkje smånervøs med rundt ein månad igjen til sesongstart.

Marit Bjørgen på kickoff

INGEN MÅLSETNING: Ho håpar å trene så lenge som mogleg, men Marit Bjørgen tørr ikkje å ha målsetning om kor lenge ho kan trene. Framleis trenar ho 15 timar i veka.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Håpar å trene heilt til fødselen

Men med ei veke som framleis inneheld 15 treningstimar er Bjørgen framleis langt meir toppidrettsutøvar enn folk flest. Også nå har 35-åringen intervalløkter kvar veke.

– Eg er jo frisk og fin. Det er ikkje vits å legge seg på sofaen så lenge ein føler seg fin og i god nok form til å trene, seier Bjørgen.

Og slik kjem det til å fortsette ei god stund til. I slutten av desember er terminen for Bjørgen og sambuar Fred Børre Lundbergs fyrste barn og den vordande mor ser ikkje for seg å kutte ut treninga før fødselen.

– Rart å sjå jentene reise

– Noko målsetning for kor lenge eg skal trene har eg ikkje. Det trur eg er viktig. Men eg har snakka med fleire som har trent den dagen dei fødde. Det viktigaste er å lytte til kroppen og ta signala som kjem. Det skjer jo store endringar med kroppen, og det på ein hyggeleg måte når det veks ein liten gut der inne.

– Er namnet bestemt?

– Nei, det har me ikkje klart å bestemme oss for ennå, smiler Bjørgen som skryter av oppfylginga ho får frå Olympiatoppen.

– Den er veldig god, eg får meir oppfylging enn i eit normalt svangerskap, blant anna fleire ultralydar for å sjekke at alt er bra.

Og det har heldigvis ting vore til no. Bjørgen har delteke på alle landslagets samlingar i sommar og haust. Men når lagvenninnene reiser til Val Senales for å trene på breen der til veka, er det utan skidronninga sjølv.

– Må jo seie det er rart når dei reiser til Val Senales utan meg. Men eg gler meg til å fylgje jentene til vinteren så får me sjå om det kriblar eller ikkje, smiler verdas beste langrennsløpar nå kanskje også verdas best trente gravide idrettsutøvar.

Siste nytt

  • VG: Northug-avgjørelse på onsdag

    Ifølge VG er det ikke tatt noen avgjørelse på om Petter Northug reiser til Planica for å gå sprinten som kan sikre OL-plass. Northug har vært syk den siste uka.

    – Det avgjøres i løpet av onsdagen, skriver landslagssjef Vidar Løfshus i en SMS til VG.

    Petter Northug
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Rask remis for Carlsen

    Magnus Carlsen spilte remis med svart mot nederlenderen Anish Giri i Wijk aan Zee-turneringen i Nederland. Carlsen hadde spilt to remis og vunnet ett parti før møtet med Giri. Etter partiet står han med 2,5 poeng.

    VM lynsjakk Magnus Carlsen
    Foto: Christian Kråkenes
  • Lillebror Pedersen til Godset

    Sebastian Pedersen (18) gjør som storebror Marcus (27) og blir Strømsgodset-spiller.

    18 år gamle Sebastian er spiss i likhet med broren, og han har skrevet under en kontrakt som binder ham til Strømsgodset ut 2019-sesongen.

    Sebastian Pedersen
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball menn: Frankrike-Hviterussland
EM håndball menn: Før kampen Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Etter kampen Norge - Østerrike