NRK Meny
Normal

Skjønar ikkje formsvikt

Nok eit fiaskoløp av den norske Tour de Ski- favoritten. Bjørgen vedgår formsvikt. 

Marit Bjørgen slit
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

 - Dette er tungt å svelge, sa Marit Bjørgen etter målpassering i Nove Mesto onsdag.

Den norske langrennsjenta sklei inn til 20. plass på den ti kilometer lange etappen av Tour de Ski. Bjørgen har ingen forklaring på formsvikten.

- Eg gjekk bra før jul. Så vart eg sjuk og kroppen har ikkje fungert sidan. Gudane veit kvifor, seier Marit Bjørgen til NRK.

Nett-TV: Bjørgen om nedturen

27- åringen har vore 41 gongar på pallen i verdscupen i løpet av karrieren og hadde Tour de Ski- suksess som mål denne sesongen.

No ligg Marit Bjørgen på 11. plass samanlagt og ligg halvanna minutt bak suverene Virpi Kuitunen. Den finske jenta leiar føre Charlotte Kalla og frå Sverige og polske Justyna Kowalczyk.

Marit Bjørgen ligg 1.48,4 minutt bak Kuitunen.

-Trist

Sportsjef Åge Skinstad tykkjer det er trist at Bjørgen ikkje har forma inne i Tour de Ski. Dei tre første løpa var gode, dei to siste har vore ein fiasko.

- Det er synd at ho ikkje får det til betre. Ho har hatt to tunge dagar etter nyttår. Det heile er litt tamt. Ho har ikkje det siste giret, seier Skinstad til NTB.

Siste nytt

  • Carlsen tok teten etter seier

    Magnus Carlsen slo Radoslaw Wojtaszek med hvite brikker i den femte runden av Shamkir Chess, og sikret med det sin første seier i turneringen.

    Carlsen står med tre poeng på fem runder, og leder turneringen etter fem av ni partier.

    Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Ruud-seier i Italia

    Casper Ruud vant 2-1 (7-5, 2-6, 6-1) over belgiske Arthur De Greef, og er klar for andre runde i ATP-turneringen i Francavilla, Italia.

    I neste runde venter Felix Auger Aliassime.

    Tennis, Australian Open.
    Foto: Lars Eide / NTB scanpix
  • La Liga-trener frir til Iniesta

    Quique Setién, trener for den spanske La Liga-klubben Real Betis, bønnfaller Barcelona-veteranen Andrés Iniesta om å fortsette karrieren i Spania. Spanske medier har spekulert i om Iniesta er på vei til Kina, men Setién ønsker det annerledes. – Vi skylder Iniesta så mye. Det er en fantastisk mann bak den fantastiske spilleren. Dette er min måte å takke ham på, sier Setién til klubbens hjemmeside.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08