Hopp til innhold

Bjørgen: – Var ikkje heilt obs då Kalla gjekk

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Charlotte Kalla parkerte Heidi Weng og Therese Johaug, berre Marit Bjørgen tetta luka. Inn mot oppløpet var det den norske skidronninga som slo til med eit suverent rykk.

Bjørgen og Kalla

Marit Bjørgen distanserte Charlotte Kalla på oppløpet. Nokre hundre meter tidlegare hadde Kalla rykka frå Saarinen, Johaug og Weng - berre Bjørgen tetta luka.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Bjørgen og Kalla

Marit Bjørgen og Charlotte Kalla var svært glade etter gull og sølv.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Eit lite rykk like før siste sving gav 33-åringen frå Rognes fleire meter på Kalla, og inne på oppløpet kunne Bjørgen gli inn til det første norske gullet i Sotsji.

– Charlotte prøvde i siste bakken og fekk nokre meter. Eg var ikkje heilt obs då ho gjekk, men mot slutten av bakken kjendest det som farta senka seg.

– Då tenkte eg at «no har eg betre føter enn ho» og eg måtte berre køyre på heilt inn. Det klarte eg og då var eg sterkast, seier Bjørgen til NRK.

Bjørgen heiv henda i vêret, før ei nær like glad Kalla kryssa målstreken og gav den norske gullvinnaren ein stor klem.

Ekstra kjekt for Noreg var det at Heidi Weng var sterkast i kampen om tredjeplassen og sikra norsk bronse.

– Det var utruleg gøy! I den nest siste bakken var eg så stiv og måtte bite tenna saman, sa Heidi Weng til TV2.

Heidi Weng

Heidi Weng sikra norsk bronse.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

Tok kommandoen

Opningsrennet på langrennsstadion fekk eit langt frå hyggeleg bakteppe etter at Astrid Uhrenholdt Jacobsen mista broren fredag.

Under 15.-kilometeren gjekk dei fire lagvenninnene til Jacobsen, Bjørgen, Weng, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira med sørgeband.

I sjølve løpet tok dei norske jentene tidleg kommandoen. Bjørgen, Weng og Johaug låg langt framme og drog store delar av den klassiske delen.

Størmer Steira måtte derimot sleppe tetgruppa der Kalla, finske Aino-Kaisa Saarinen og polske Justyna Kowalczyk òg var med.

Råsterk svenske

Inn til skibytte var det svenske Kalla som var i leiinga. Kowalczyk ramla på veg inn til byttet til fristilski og klarte aldri å hente inn tetgruppa.

Ut på andre del av løpet blei ei gruppe på fem gåande i tet. Noreg var representerte med tre.

Bjørgen, Weng og Johaug viste styrke, men dei nordiske konkurrentane i Kalla og Saarinen viste òg at dei hadde spissa forma.

Glad Bjørgen

Marit Bjørgen overbeviste i den første OL-konkurransen på langrennsstadion i Sotsji.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

Ikkje langt frå mål var det Kalla som viste seg som sterkast.

Svensken rykka og fekk raskt ei luke, og berre Bjørgen tetta luka. Johaug, Weng og Saarinen måtte sleppe.

Null stress for Bjørgen

Inne på stadion blei det svært spennande. Kalla heldt teten ei stund, men når det nærma seg mål gjekk Bjørgen opp i tet.

Like før siste sving banka den norske skidronninga til. 33-åringen distanserte Kalla og gjekk i einsam majestet over målstreken.

Dette var Bjørgen sitt fjerde OL-gull - etter at ho tok tre i Vancouver-OL i 2010.

Etter gullet i Sotsji denne laurdagen sat Bjørgen igjen med blanda kjensler. Etter løpet trilla tårene for dei norske jentene.

– Astrid og hennar familie ville at vi skulle gå for ho, det var eit sterkt ønskje. Eg er utruleg glad for gullmedaljen, men ein har fått litt perspektiv, seier ho til NRK.

Heidi Weng spurta inn til tredjeplass og bronsemedalje, medan ei litt skuffa Therese Johaug måtte ta til takke med fjerdeplassen.

– Siste gang opp bakken prøvde eg å trykke til, men då Kalla gjekk på slutten hadde dei eit ekstra gir. Eg skjøna eg måtte konsentrerer meg om bronsen, men Heidi var sterkare enn meg på slutten, seier Johaug til NRK.

Tidleg på første konkurransedag har Noreg allereie tre medaljar, etter at Ståle Sandbech sikra den første medaljen i slopestyle.

Gruppe på fem

Ute i fristildelen av 15.-kilometeren gjekk ei gruppe på fem samla. Marit Bjørgen, Charlotte Kalla, Heidi Weng, Therese Johaug og Aino-Kaisa Saarinen utgjorde gruppa.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal