Etter nedtur på nedtur mot super-polakken Justyna Kowalczyk var det Bjørgens tur til å triumfere på den 4. etappen.
På oppløpssida fekk Bjørgen revansj, og kosta forbi Kowalczyk til siger.
Etter tre polske sigrar i innleiinga av Touren, klarte endeleg Bjørgen å slå tilbake, og det skjedde på ein dag då ho ikkje følte seg heilt på topp.
– Det var kjempedeilig! I dag hadde eg kjempegode ski. Eg trur eg redda meg mykje inn på det. Det var bare synd eg ikkje var kvikkare i kroppen, seier Bjørgen.
SJÅ VIDEO: Bjørgen om sigeren i Obersdorf (artikkelen held fram):
Etter triumfen kunne den norske langrennsfavoritten puste letta ut, for Tour de Ski-innleiinga har vore ei tøff påkjenning for Bjørgen.
– Eg var nok litt «dau» i dag. Men det er bra at eg klarar å vinne på ein dårleg dag der eg ikkje er hundre prosent. No blir det godt med ein kviledag, seier Bjørgen.
Tok grep i fri teknikk
Men inntil målstreken var Bjørgen fråverande. På den innlagde spurten i klassisk var Kowalczyk igjen suveren - og vann. Dermed fiksa ho gode bonussekund i samandraget.
Men dei norske jentene Therese Johaug og nemnde Bjørgen kom sterkt med straks etter skibytet frå klassisk til fristil, og festa raskt grepet før den tredje spurten.
Men trass den gryande dominansen i sporet var Kowalczyk på hogget, og tok den innlagde spurten nok ein gong.
Bjørgen: – Bra for sjølvtilliten
Etter Bjørgens nedtur på sprinten laurdag meinte ekspertane at Kowalczyk hadde overtatt favorittstempelet i Tour de Ski.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men etter sigeren sundag lev Bjørgen fortsett i håpet om å ta igjen den suverene Tour-leiaren.
– Dette var bra for sjølvtilliten. Det er viktig å vise at eg er god nok til å slå ho, seier Bjørgen.
Men sjølv om Bjørgen vann etappen, auka Kowalczyk leiinga i samandraget frå 22,2 til 26,6 sekund.
Dermed ligg polakken godt an til å ta sin tredje Tour de Ski-siger på like mange forsøk.
Therese Johaug blei nummer tre i dagens renn og Kristin Størmer Steira nummer fire.
- RESULTATSERVICE: 10 kilometer skiathlon, Obersdorf