NRK Meny
Normal

Bjørgen om Kristiansen: – Han har samla gruppa

Marit Bjørgen hadde håpa at Egil Kristiansen skulle vere med heilt inn til mål i karrieren. Men Egil Kristiansen meiner han er tom for idear og bestemte for at 15 år med skijentene var nok.

Kristiansen

VEMODIG: Egil Kristiansen fortel at han brukte ei tre vekers tid på å vurdere om han skulle trekkje seg som landslagstrenar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det har vore ein lang prosess med mykje tenking. Det er ein vemodig avgjerd når ein drive med det her i 15 år. Det er mange faktorar som har spelt inn, seier Egil Kristiansen.

Etter 10 år som hovudtrenar og 15 år i landslagsapparatet til kvinnelandslaget gjev Egil Kristiansen seg som landslagssjef. Det var ikkje ei lett avgjerd å ta.

OL-gullet i 2010 er størst

– Når ein har gjort det same i 10 år, så går ein litt tom. Du skal heile tida finne dei faktorane og ideane som gjer utøvarane enda betre, etter kvart så går du litt tom for dei. Da begynner ein å tenkje at det er andre som kan tenkje nytt og ta laget enda eitt steg betre. Men det er ei vemodig avgjerd å ta, seier Kristiansen som har vunne heile 47 VM- og OL-medaljar i si regjeringstid.

Blant dei har 50-åringen mange minne, men eit ragar spesielt høgt.

– Eg hugsar kanskje spesielt godt da Marit tok OL-gull på sprinten i Vancouver. Da hadde det vore ein lang periode med nedturar , og da ho endeleg tok gull att var det veldig stort.

– Blei lei meg

Marit Bjørgen har hatt Egil Kristiansen som trenar i 15 år, og synest det var leitt å få beskjeden.

– Det er vemodig at Egil skal slutte. Eg begynner å nærme meg slutten av karrieren og eg hadde sett for meg at Egil skulle vere med inn til mål. Eg blei lei meg da han ringte meg, men eg skjønar valet hans. Ein må føle at ein er topp motivert, seier Bjørgen.

36-åringen fortel at trenaren betydde svært mykje for ho da ho snudde fiasko til suksess etter 2009-sesongen.

– Han har betydd mykje for meg. Han var med da det snudde i 2009. og vore med på mange medaljar og mange sigrar. Det har vore ei kjempe reise. Me har vore saman i 15 år, det er som eit langt ekteskap, smiler Bjørgen.

– Ein stor leiartype

Bjørgen legg vekt på betydninga han har hatt for å samle gruppa som noko av det viktigaste Kristiansen har bidrege med.

– Styrken hans er den vanvittige kunnskapen han sit inne med og den leiartypen han er. Det er takka vere han at me har samla gruppa. Me har stått saman og gjort kvarandre betre, der har han gjort ein viktig jobb.

Det er akkurat den jobben Kristiansen har sett på som det mest utfordrande.

– Det å halde eit lag med så mange forskjellige løparar samla over tid har vore krevjande. Noko av det vanskelegaste har også vore løparar som ikkje har fungert fysisk, Marit har jo vore ei av dei, fortel Kristiansen.

Det er ennå ikkje bestemt kven som tek over som hovudtrenar. Men ifølgje sportssjef Vidar Løfshus er det viktig at ein ny trenar tenkjer lenger enn Lahti-VM neste år.

Siste nytt

  • Dan Martin til UAE Team Emirates

    Dan Martin har signert for Alexander Kristoff og Vegard Stake Laengens lag UAE Team Emirates.

    Iren som endte på sjetteplass i årets Tour de France kommer fra Quick-Step Floors og har ifølge lagets egne hjemmesider knyttet seg til laget de to neste årene.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Fellesstart
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Fellesstart