– Bjørgen er frisk som ein fisk

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Etter gårsdagens 10-kilometer vart det spekulert i om Marit Bjørgen kunne vera sjuk. Det stemmer ikkje.

Marit Bjørgen

Marit Bjørgen er ikkje sjuk, slik rykta sa i går.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Langrennsdronninga vart «berre» nummer fem på gårsdagens 10-kilometer i klassisk stil, og uttala at ho aldri hadde hatt ei så tung kjensle nokon gong.

Venta med stafettuttaket

– Eg har følt eg er i bra form og hadde gode ski og godt feste. Det var nok berre eg som vart fullstendig sliten i dag. Eg kan ikkje hugsa å ha hatt ei slik kjensle nokon gong, sa Bjørgen i går.

Dette var fyrste gong Bjørgen hamna utanfor pallen i eit distanserenn sidan 12. mars 2011.

Etter løpet spekulerte landslagstrenar Egil Kristiansen i om Bjørgen i det heile teke var frisk. Planen var å ta ut laurdagens stafettlag etter 10-kilometeren, men valde å venta med uttaket til fredag.

På spørsmål om Bjørgen var hundre prosent frisk, svara Kristiansen fylgjande:

– Me må bruka dagen i dag for å finna ut om det er noko som bryt ut eller om det var ein tilfeldig dag. Det får me ikkje svar på før det har gått litt tid.

Avkreftar ryktet

I dag avkreftar sjef for helseteamet til langrennsløparane, Torger Hansen, ryktet:

– Bjørgen er frisk som ein fisk, seier sjef for helseteamet til langrennsløparane, Torger Hansen.

Uttaket til morgondagens stafett er no klart: Heidi Weng, Therese Johaug, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Marit Bjørgen.

Siste nytt

  • Vålerenga kjemper om europa-seier

    Vålerenga Sjakklubb, med Magnus Carlsen i spissen, kjemper om seiren i europacupen. Etter den femte runden ligger de på en fjerdeplass, på lik poengsum som Alkaloid, som leder. Det gjenstår to runder.

    Europacup i sjakk
    Foto: Jack Nilssen / Vålerenga Sjakklubb / NTB scanpix
  • Carlsen fortsatt verdensener

    Magnus Carlsen var presset før møtet med Shakhriyar Mamedyarov, men med remis i europacup-kampen topper han fortsatt verdensrankingen.

    Carlsen måtte unngå tap for ikke å miste posisjonen han har hatt siden 2011. Det greide han uten store problemer.

    Magnus Carlsen etter Norway Chess i Stavanger 2018.
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • FA vil straffe Mourinho

    Det engelske fotballforbundet (FA) har åpnet sak mot Manchester United-manager José Mourinho etter seieren mot Newcastle. Mourinho kom med uttalelser på portugisisk foran et TV-kamera. Uttalelsene var ifølge FA «fornærmende og grove, og var upassende».

    Jose Mourinho
    Foto: Oli Scarff / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Da vinden snudde